Etter lang tid med strenge pandemirestriksjonar, opna landet endeleg opp igjen sist veka, og opninga gjorde at me igjen kunne ta med bebuarar på Sveio omsorgssenter på ein etterlengta og lenge planlagt busstur.
På føremiddagen sist tysdag rygga bussen opp til inngangen av senteret og dei 26 påmelde kunne setja seg inn med forventning i blikket. I nydeleg haustvær gjekk turen nordover i kommunen, under Bømlafjorden og til Moster. Her blei me godt mottekne av dei tre kjekke vertinnene i Moster amfi, kledd i vikingbunadar.
Etter å ha kome på plass i den flotte konsertsalen, blei me servert herleg kjærlighetssuppa med heimebakt urtebrød attåt. Sjølvsagt fekk me høyra soga om då Olav Tryggvason gjekk i land på Moster i år 995 for å kreva kongetrona og innføra kristendommen. Nokre år seinare kom Olav den heilage til Mostratinget og presenterte kristenretten for første gong i landet, lovverket som erstatta dei norrøne lovene og som er grunnlaget for vårt moderne lovsystem. Mostraspelet som blir arrangert kvart år, byggjer på hendingane frå den gong.
Dei som ville, kunne og gå gjennom utstillinga «Frå heidendom til kristendom», ei tankevekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing.
Besøket vårt blei avslutta med kaffi, gode lappar og heimelaga syltetøy. På heimturen var det nok og nokon som tok seg ein høneblund. Takk til dei seks pårørande som var med, og som var til god hjelp med å få alle ombord og på rett plass. Særskilt takk og til Åshild fra omsorgssenteret som stod på frå start til mål.
Og nokon har alt planar kor neste tur skal gå. Det var brukar- og pårørandeforeininga som arrangerte turen med støtte fra fleire instansar.
Jan Enerstvedt
referent og sjåfør