lesarbidrag

Gullsjøhuset i Buavåg. Lesarbidrag frå: Dagfinn Fagerland Bjørge. Arkivfoto: Einar Vestvik
Gullsjøhuset i Buavåg. Lesarbidrag frå: Dagfinn Fagerland Bjørge.

Eit særs vellukka arrangement. «Fult hus» med venteliste.

Lesarbidrag

Har du eller din organisasjon arrangert noko, og ønsker omtale i Vestavind? Send tekst og bilde til tips@vestavind-sveio.no

Hugs fullt namn på personar på bilde og namn på både forfattar og fotograf.

Føredraget til Nils Lokna var svært interessant å høyra på. Ein utruleg kunnskap om stadnamn. På dette området er Nils unik. Han trollbandt dei frammøte med forklaring av opphav av namn, tyding, med historisk tilbakeblikk. Nils gjorde eit stort arbeid frå førstninga på -70 talet til ut på -80 talet, der han samla stadnamn rundt om i heile «gamle Sveio». Det er eit viktig bidrag til historia om namn mm som me skal vere takksame for, er teke vare på. Nils er sjølvsagt med arbeidsgruppe for samling av stadnamn i heile kommunen.

Dette er eit fellesprosjekt mellom Gullforeninga, Kystlaget og Sveio kommune. Nils framførte føredraget med god humor og ikkje minst stor kunnskap. Tusen takk til Nils for det. Utover var det salg av forfriskningar og mat, der det også blei servert jomfrusild som Arjen hadde ordna.

Drøsen rundt borda var gildt å oppleve. Folk kosa seg denne kvelden. Det var også som vane tru, quiz, med gode spørsmål, som sette diskusjon i gong, der sensoren måtte gje tilleggspoeng. Det vart premie gevinst utdel til dei med flest poeng.
Det vart loddsal med mange fine gevinstar å vinna.

Kunstnaren Jonny Hansen gav ein flott akvarell av Gullsjøhuset som var hovudgevinsten. Det vart ein svært glad vinnar av premien. Takk til Johnny for gåva, og alle som støtta opp om loddkjøp.
Elles har Johnny ein fin maleriutstilling i Gullsjøhuset.

Til slutt; Det var utruleg kjekt å sjå at så mykje folk tok turen. Me som står som tilskiparar synest det er så kjekt at mange kjem. Me må også nemne primusmotor, (eg veit han ikkje liker å bli nemd) det er Alf Edvin. Drivkrafta til Alf Edvin er heilt unik, han møter oss alle på ein fin måte. Er alltid optimistisk, ser løysingar og har ein fin væremåte, som me andre set stor pris på.

Gullsjøhuset ventar på dåke til neste arrangement som bli fredag den 20 juni, då blir det Quiz kveld med ymse. Set av tidspunktet, og kom til dette unike Gullsjøhuset, som har ein historie som strekkjer seg tilbake 10-12 generasjonar. Me vil hevda at dette er eit av dei finaste og unike forsamlingshusa me har i kommunen. Det er berre å gleda seg, det blir fleire arrangement gjennom heile sommaren.

På vegne av Gullforeninga
Dagfinn F. Bjørge

Powered by Labrador CMS