lesarbidrag

Einstadbøvoll helselag markerte 100 år

Laurdag 2. oktober feira Einstadbøvoll helselag 100 år. I den samanhang vart det slått skikkeleg på stortromma.

Medlemmer og andre var inviterte til jubileumsfest i Grendastova på Valestrand oppvekstsenter. Me blei møtt med fint dekka bord og opptrykte allsongar under talerkane. Jofrid Valen helsa alle velkommen og då særleg utsendingane frå fylkeslaget, Ingvild Tjønn Hansen frå fylkeskontoret, nestleiar Sigrid Monsen Alvestad og leiaren for Fylkeskontoret Bergen, Sara Mead. Ordførar Linn Terese Erve møtte for Sveio kommune.

Etter velkomstsong opna Elisabeth Grutle med ein velskriven, eigenprodusert prolog til ære for Helselaget.

Til å leia oss gjennom allsongane stilte lokale krefter opp med gitar og song. Kjell Olav Møllerhaug og Hans Chr. Andersen fekk det retteleg til å svinga. Kjell Olav hadde då også skrive ein eigen song til helselaget.

Festtalar for kvelden var Ingvild Tjønn Hansen. Ho hadde mange godord om helselaget og poengterte at Einstadbøvoll helselag var eit lag det verkeleg vart lagt merke til på fylke.

Ein herleg middag med alt tilbehør vart servert oss av flinke ungdommar frå Sisu 4H. Desse saman med fem forelder hadde ansvaret for kjøkkentenseta. For dette hausta dei mange godord og roser frå mellom anna Ruth Fosse Eidsvåg som takka for maten. Etterpå vart det servert dessert.

Monica Valen gratulerte og kom med gode ord til helselaget, og ordførar Linn Terese Erve hadde med seg helsingar frå Sveio kommune og ein gåvesjekk.

Kjell Olav og Hans Chr. drog nå til med eit potpurri av 60-tals slagerar og då vart det ikkje fritt fro at det rykte litt i gamle danseføter.

Tobias Valen hadde sett saman ein biletfortelling frå historia i helselaget. Her vart det mange nostaliske gjensyn. Helselaget har fått skrive ei bok om laget, men denne vert ikkje klar før til Julemessa seinare i år.

I god helselagstradisjon kom det nå jubileumskake og kaffi på bordet. Åresal var også ein del av aktiviteten denne kvelden. Gevinstane var knytt opp mot salsprodukta på Julemessa. Då middagen var gratis, kjøpte publikum villig vekk på årar.

Jofrid Valen leia oss gjennom kvelden med ei sikker og stø hand.

Tusen takk til Einstadbøvoll Helselag som laga til denne trivelege festen for oss.

Valevåg 10.10.21
Jostein Valen

Powered by Labrador CMS