lesarbidrag
Einstadbøvoll helselag er i stadig aktvitet
Nasjonalforeningen for folkehelsen hadde folkehelse i fokus i veke 19. Dette ville Einstadbøvoll helselag vera med på å markere.
Elevar ved Valestrand oppvekst senter var med på hopp for hjerte og helselaget laga frokost for alle elevane på torsdagen som ein god motivasjon for å hoppe vidare.
Helselaget sponser og skulen med frukt gjennom heile året! Søndag arrangerte me Hjertemarsjen, noko som er tradisjon kvart år.
Det blir dessverre mindre folk som går kvart år, men dei trofaste stiller opp, går tur og alle fekk gratis suppe, frukt og vafler! Eit koselig innspel i bygda.
Inger Bente Strand Nilsen
Einstadbøvoll Helselag
Annonse