lesarbidrag

Alle elevane som var med i prosjektet i Italia, saman med nyplanta Erasmustre.
Alle elevane som var med i prosjektet i Italia, saman med nyplanta Erasmustre.

Ei veke som italienarar

Det er viktigare enn nokon gong at Europa knyttar band og står saman, noko valfaget «Internasjonalt samarbeid» er med på. Sveio skule er ein del av Erasmusprosjektet, kor ungdomar frå Italia, Frankrike, Tyskland, Ungarn og Noreg kjem saman og lærer om kvarandre sin kultur og kvardag. Nyleg var elevane på reise til Italia, og elevane har delt dette reisebrevet med Vestavind.

Gjennom Erasmusprosjektet får elevar moglegheit til å reise i Europa, og oppleve kvardag og kultur gjennom å bu i vertsfamiliar. I tillegg får ein øve på både engelsk, tysk og fransk, sjølv om det hender ein må ty til “Google translate”. Me lærer óg korleis me skal møte folk som har andre kulturar og tradisjonar enn oss sjølv, og at me alle er ulike, men også har mykje til felles.

Dag 1 – ei uventa lang reise

Vår første dag gjekk til reising. Istadenfor åtte timar på reis, blei det 17 timar. Flyet som skulle ha gått frå Haugesund til Oslo blei kansellert, som gjorde at me ikkje rakk flyet derfrå til Milano. Dette førte til ei ombooking av heile flyturen, som plutseleg innebar både Bergen og Amsterdam.

Ein fargerik gjeng som nyt dagane saman.

Me var letta og spente då me endeleg var ombord i flyet til Milano, men me blei litt forsinka, då ein passasjer svimte av rett før me skulle lette. Dette er stort sett slik ein berre ser på film, men det gjekk heldigvis fint. Me landa rundt klokka 22.30, etter omlag 15 timar på reis, og hadde “berre” to timar igjen før me var framme i Saló ved Gardasjøen. Planen var å ta tog, men då me ikkje var så interessert i å reke rundt i Italia nattestid blei det minibuss. 

Me var framme i Saló rundt kl. 01:00 på natta, og me fekk endeleg møte vertsfamiliane våre – fantastisk og endeleg møte dei ein har snakka så mykje med. 

Dag 2 – første skuledag

Dagen starta kl. 08:00, og me fekk helse på dei andre elevane. Me blei delt i grupper, og alle landa blei blanda slik at det ville bli lettare å bli kjende med kvarandre.

Kreativt samarbeid.

Me åt frukost før me kom på skulen, men den var ulik den me var vand til. Den bestod av mindre og mykje søtare mat, som til dømes kjeks eller sjokolade, pannekaker med sirup og liknande. Nokon fekk óg frukostblanding med varm mjølk. 

Denne dagen fekk me óg presentert både Sveio skule, Sveio kommune og oss sjølve. Etter dette hadde alle landa lagt opp til bli-kjend-leikar. Dette var alt frå bingo til stolleiken ute i skulegarden, mellom oliventre og solbrune fjes. Vi klinka til med «Blime-dansen» på storskjerm. Noko som blei ein kjempehit!

Representantane frå Sveio let seg fotografere. Frå venstre: Suzanne Åbæ (lærar), Signe Lier Høiness, Kristine Narheim, Dalia Svavarsdottir, Saga Makenzie Bergo og Sølvi Hovda (lærar).

Ferda vidare gjekk til småbyen Limone, kor me skulle på sitron-museum. Kven skulle trudd at det var så mykje å lære om sitroner og deira slektningar. 

Etter nok ein spanande busstur på smale vegar, reiste me heim til vertsfamiliane våre. I løpet av vår første dag hadde me lært fleire ting. Italienarane sluttar til vanleg på skulen kl 12:20, men har laurdagsskule óg! Dei har tre månader sommarferie i staden for to, men nesten ingen feriar undervegs i skuleåret. 

Noko anna vi ikkje kunne unngå å legge merka til var at toaletta på skulen var heilt annleis enn heime. Her vart det nemleg nytta  såkalla “Squat toilets”. Lærarane våre stilte seg uforståande til fenomenet, då lærartoaletta var av ein meir normal karakter. Det er visst litt forskjell på folk.

Europa kjem saman for fred.

Om kvelden lærte me enda noko nytt. Italienarane tar ikkje av seg skoa når dei er inne i heimane sine – noko som er heilt ulogisk for oss. Elles fekk me servert italiensk pasta bolognese, vi snakka saman, spelte spel, og spelte norsk og italiensk musikk til kvarandre.

Dag 3 – ein lærerik dag på vift

Dag tre reiste me til Brescia, ein by som eksisterte allereie før Romarriket. Her lærte me om vatn og plast, og alle blei ei resirkulert-nylaga-plastikkskål rikare. Etter lunsj var me, via ein app, på ein slags orientering. Me er framleis noko usikre på korleis appen eigentleg verka.

På vegen besøkte me Duomo-en i Brescia, den største kyrkja i byen. I Italia heiter den største kyrkja i ein by alltid Duomo. Me fekk sjå utsmykkinga av kyrkja og kor forskjellig den var i forhold til dei norske. 

Medan nokon av oss reiste heim til vertsfamiliane våre etter dette, fekk ein av oss oppleve meir av middelalderbyen. Ho fekk oppleve nokre gamle romerske ruiner kor italienarane fortalde historiar om det gamle Roma. Medan ho lærte meir om Italia, fekk dei andre norske elevane servert italiensk «côtelette» og himmelsk tiramisû. Dei lærte kvarandre også å telje til ti på norsk og italiensk.

Dag 4 – den siste dagen i prosjektet

Den siste dagen hadde me gruppearbeid, kor me skulle lage noko som symboliserte natur og miljø, men samtidig at landa står saman. Etterpå jobba vi gruppevis for å lage noko me kunne vise fram, som symboliserte samarbeid og fellesskap. Ei gruppe hadde eit modernisert rollespel av myten om Europa. Denne handlar om den greske guden Zevs og ei gresk jente, Europa, som Zevs både bortførte og  forførte til Kreta, ved å forvandle seg til ein kvit okse. Verdsdelen Europa er oppkalla etter denne greske jenta. Ei anna gruppe song ein song saman, medan den siste gruppa laga ein dans.

Frå venstre (bak): Kristine Narheim, Signe Lier Høiness, Dalia Svavarsdottir, Greta Varriale og Anna AvigoFrå venstre (framme): Giorgia Sandri og Elisa Paroletti

Me hadde óg førebudd ein tidskapsel som skulle gravast ned, og opnast i framtida. Det er eit tre som er symbolet til dette Erasmusprosjektet, fordi me alle er ein del av same “tre”, Europa, og er ulike greiner av dette treet. Me blir holdt saman av stamma og rota til treet. Alle landa har eit slik Erasmus-tre, og ser du godt etter står det eit lite japansk lønnetre framfor Vigdartun. Denne står som eit symbol på samarbeid og samhold på tvers av landegrenser og kultur. Oppi tidskapselen la alle landa noko som symboliserte seg, og 2022. Me la oppi ein korona-hurtigtest og eit munnbind. I tillegg la me i kart og bilete frå Sveio, og framtidsbrev. 

Den siste kvelden hadde me saman på den største øya i Gardasjøen, Isola di Garda, kor me framviste skodespelet, songen og dansen me hadde jobba med på dagen. Til øya tok me ei lita ferje. Ein skulle tru italienarane var vande med å køyre båt, sidan dei bur ved Gardasjøen, men dei var overraskande redde, tok sjøsjuktablettar og holdt seg for augene. Dermed blir det spanande når dei kjem til Noreg, og me skal til Røvær.

Vel framme fekk me ei guida omvisning, då Isola di Garda er ei spesiell øy. Den går i “arv”, og er privateigd av ein familie som er slektningar av dronning Elizabeth II. I tillegg bur nokon av dei på øya. Øya har også forbinding med Noreg, då fleire i familien har norske namn, då faren hadde budd i Noreg. 

I samband med alt som skjer i Europa no skreiv me fredsmeldingar på små lappar og festa til heliumballongar, som me slapp ut i lufta. Det var ein spesiell augneblink, då ein verkeleg følte at Europa står saman i noko viktig. Under sermonien på slottet las me óg opp eit italiensk dikt om fred, som vi hadde omsett til eige språk. 

Dagen og prosjektet blei avslutta med eit felles måltid. Pizza sjølvsagt. Ein ting me norske la merke til i løpet av veka, var at italienarane har større porsjonar enn oss. Dei har berre ein pizzastorleik, og denne deler dei ikkje på fleire slik me gjer. Vi hygga oss i godt selskap, medan fotballkampen mellom Roma og Bodø-Glimt rulla på tv-skjermen i restauranten. Det var stas!

Det var trist å ta farvel, men me gler oss allereie til dei kjem på besøk og me får vise fram Sveio og kulturen vår. I september kjem dei nemleg til oss, og me har mange spanande planer for korleis me skal vise fram regionen vår best mogleg. Treff du ungdommar som snakkar fransk, italiensk, tysk eller ungarsk i Sveio då,  så veit du at det er Erasmus-gjengen som har besøk.

Dag 5 – heimreise

Den siste dagen skulle me grytidleg avgarde. Me takka for oss, sa adjø og lova halde kontakten. Etter togbyte og  framvising av korona-pass fekk me endeleg bruke loungen me blei snytt for på turen til Italia. Dette nytte me til fulle, med småkaker og brus på flyplassen og svinesteik på flyet. Me var heime rundt klokka 18.00, og når me landa i Haugesund og hadde fått bagasjen vår, tok me påskeferie.

Slottet Isola di Garda

Denne fantastiske reisa har lært og gitt oss utruleg mykje. Me har fått nye venskap, og knyta band med menneske som me har mykje meir til felles med enn ein skulle tru. 

Sjøl om me geografisk eigentleg er langt frå kvarandre – er me veldig nær kvarandre. 

Skrive av Signe Lier Høiness og Saga Makenzie Stormer Bergo,10. trinn på Sveio skule.

Powered by Labrador CMS