Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
155 år sidan:
Drukningsulykka i Storavatnet sommaren 1870
Medan mesteparten av dei vaksne i bygda var til kyrkje på Valestrand, utfalda ein ufatteleg tragedie seg i Storavatnet i Auklandshamn. Då kyrkjefolket kom heim, blei dei møtte av nyhende om at sju born i alderen ni til femten år hadde mista livet.Frå papirarkivet: Saka var på trykk i 2021.
Søndag 31. juli 1870 gjorde ti born – åtte frå Mjånes, ein frå Økland og ein frå Øklandsnes – avtale om at dei etter middag skulle ro ut til ein holme i Storavatnet og plukka blåbær. Blåbæra skulle vera modne på denne tida.
Etter middag møttest ni av borna som avtalt, mens den tiande ikkje kom. Dei ni venta ei stund, men då dei syntest det drog ut, blei dei samde om å setja båten på vatnet og ro ut til holmen. Så kunne heller einkvan av dei ro inn etter den siste når dei såg han koma.
Båten dei hadde til disposisjon var gammal og hadde stått lenge urørt på land i sommarvarmen. Dette var jo i slåttonna, og folk flest var opptatt med å berga høyet i hus. Dei hadde såleis lite tid til andre syslar, så båten var blitt temmeleg gissen.
Det viste seg då dei fekk han på vatnet at han «lak som ei kipe», for å bruka eit gammalt uttrykk. Men borna var oppsette på å koma i veg, og meinte nokre kunne ausa mens dei andre rodde. Dei kom seg i båten og la frå land. Men med ni born om bord blei båten liggjande tungt i vatnet, og vasspresset utanfrå blei dermed sterkare. Som vanleg var det berre eitt ausekar i båten. Og kor iherdig dei auste, viste det seg at vatnet lak fortare inn enn dei makta å ausa det ut. Det gjekk etter kvart opp for borna at dei korkje ville nå holmen eller tilbake til land før båten ville bli fylt av vatn.
Då alvoret i dette byrja å gå opp for borna og dei forsto kva situasjon dei var i, byrja redsla å gripa dei. Yngre og eldre søsken byrja å kava seg fram til kvarandre for å søkja hjelp og trøst saman. Med denne kavinga blei det rørsle i båten, og vatnet byrja å segla frå side til side rundt føtene deira. Nokre datt og blei heilt våte. Og dess meir dei såleis kava på, dess reddare blei dei. Til slutt gjekk redsla over i full panikk.
Dei overlevande si forteljing
Dei to ni år gamle gutane som blei berga, kunne aldri seinare seia med sikkerhet om dei første som kom i vatnet, glei og fall over bord eller om dei i panikk hoppa frå båten. Dei som var igjen i båten prøvde så å berga dei om bord igjen. Dei greip kvarandre i fortviling, og i staden for hjelp blei det helst til at den eine drog den andre med seg under. I alt dette ståket kvelvde dei til slutt båten over seg.
Ni år gamle Martin Anfinsen Mjånes hadde heile tida sete i den eine enden av båten og halde seg fast. Han hadde liksom fått det i seg at han måtte ikkje – måtte ikkje – sleppa taket i båten. Då båten til slutt gjekk rundt og likesom tømde dei andre frå seg, tviheldt Martin seg framleis fast. Kan hende nettopp fordi han hadde noko å halda seg i, fekk han hovudet over vatnet og fekk pusta fritt.
Korleis det elles gjekk til, kunne han lite forklara, korkje for seg sjølv eller andre. Men han kom seg til slutt opp på båtkvelven. Då han såg seg omkring, var det ikkje noko å sjå til dei andre. Med eitt blei han likevel vâr noko som likesom krafsa på båtsida bak seg. Og då han snudde litt på seg, fekk han sjå ei hand som famla seg fram på båtsida, leitande etter noko å ta i. Umedvite greip Martin tak i handa, og med det fekk også den andre hovudet over vatnet og fekk hosta og blåsa frå seg. Med sameinte krefter kom han seg til slutt opp på kvelven.
Det viste seg å vera Martin sin fetter, Peder Reinertsen Mjånes. Også han var ni år gammal. Der sat nå desse to gjennomvåte niåringane, vettskremte over alt som hadde hendt med dei og kameratane og hjelpelause med tanke på korleis dei skulle koma seg på land og heim.
Me kan kanskje skyta inn at nett denne søndagen var det preik i soknekyrkja, og som vanleg på den tid og særleg ein slik fin sommardag, var dei fleste vaksne til kyrkje. Om dette elles gjorde noko til eller frå, er vel noko ein i ettertid kan filosofera over utan å finna fullnøyande svar.
Bergingsmannen
I Bakkane, bruksnummer 7 av Økland, budde på den tida ein svenske, Johan-Petter Jonasson Berg frå Dalsland i Sverige. Til dagleg blei han kalla Johan Svenske. Han var ein såkalla rallar som hadde kome til Vestlandet i samband med bygging av riksvegen mellom Haugesund og Tittelsnes.
Dei klamra seg så sterkt til kvarandre at dei vaksne måtte ta godt tak for å skilja dei frå kvarandre, blir det fortalt.
Denne Johan Svenske var ein av dei få som denne søndagen ikkje var til kyrkje. Han skulle eit ærend ut, og med det same han opna døra fekk han høyra rop og skrik utan like frå ein stad i retning Storavatnet. Han skjøna straks at her var det noko utanom det vanlege som sto på, og la på sprang mot vatnet. Men brått stogga ropa, det blei dørgande stille. Dette var truleg då båten gjekk rundt.
Johan Svenske fekk likevel ikkje ro på seg. Han syntest han måtte finna ut kva dette var, og sprang vidare. Då han kom så langt at han fekk auga på den kvelvde båten og dei to krypane oppå, var det framleis ikkje meir å høyra og sjå. Han skjøna likevel at dei desperate naudropa han hadde høyrt då han opna døra heime, ikkje berre kom frå desse to. Nå var det likevel ikkje tid til å spekulera om det eine eller det andre. Han måtte prøva å få dei stakkars gutane på land og få vita kva som hadde hendt.
Då han fekk borna på land, var dei så forskremte og altererte at det var lite samanheng i det dei sa. Johan Svenske forsto likevel etter kvart at dei hadde vore fleire i båten, og at dei andre truleg var i vatnet. Så måtte han berre senda borna heim, våte og forkomne som dei var, så dei kunne bli tatt hand om av sine eigne. Nå var etter kvart andre komne til, og dei sette straks i gang med å leita. Det gjekk ikkje lang tid før dei fann borna. Vatnet var ikkje djupt på ulykkesstaden, så dei såg borna på botnen straks dei kom over dei.
Då dei omkomne blei tatt opp, viste det seg at fire av dei kom opp i ei klynge. I redsle og fortviling hadde dei truleg gripe tak i kvarandre. Dei klamra seg så sterkt til kvarandre at dei vaksne måtte ta godt tak for å skilja dei frå kvarandre, blir det fortalt.
Borna som omkom i ulukka var:
1. Johanna-Jørgine Nilsen Mjånes, 15 år
2. Nils Nilsen Mjånes, 12 år
3. Anna Nilsen Mjånes, 9 år
4. Brita Danielsen Mjånes, 12 år
5. Andreas Danielsen Mjånes, 9 år
6. Anna Reinertsen Mjånes, 11 år
7. Anna-Pernille Hansen Øklandsnes, 12 år
Dei tre førstnemnde, Johanna-Jørgine, Nils og Anna var søsken, born av Synneva og Nils Mjånes. Dei var husmannsfolk på plasset Treshaugen under bruk nr. 1.
Dei to neste, Brita og Andreas, var også søsken. Foreldra deira var Gunvor og Daniel Mjånes, husmannsfolk på plasset Fuglehaugen under bruk nr. 2.
Den sjette omkomne, Anna, var dotter til Mari og Reinert Mjånes, eigarar av bruk nr. 2 på Mjånes. Mari og Reinert var også foreldre til Peder, som overlevde.
Den sjuande omkomne, Anna-Pernille, var dotter til Helga og Hans Øklandsnes
Den andre overlevande, Martin, var son til Gunhild og Anfin Mjånes, eigarar av bruk nr. 1 på Mjånes.
Den tiande som skulle vore med ulukkesbåten etter avtalen, var 16 år gamle Ola Olsen Økland, son til Sissela og Ola Økland, eigarar av bruk nr. 4 på Økland. Me kan vel seia at 16-åringen blei berga fordi mor hans var så reint forseinka med middagen denne dagen. Og før han hadde ete, fekk han ikkje lov å gå. Då han så endeleg kom fram til møteplassen, heldt bergingsmannskapa på med å ta opp dei omkomne.
Gravferda
Laurdag 6. august blei dei sju borna frå drukningsulykka gravlagde på Nedre Valen kyrkjegard, tett ved kyrkja som då sto der. Borna blei gravlagde saman, og overflata jamna som ei fellesgrav og tilsådd med blomar, floks. Desse blomane kom opp igjen år etter år så lenge dei fekk stå i fred.
Av Reinert Vestvik