Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
Det blir eit innhaldsrikt år i Sveio Hagelag
Me vil ønskje alle eit godt nyttår 2026 og informere litt om kva me driv med i hagelaget.
Me er ei arbeidsgruppe på fem personar, Annlaug Fludal, Liv Solfrid F. Hovland, Britt Oddrun Stuve, Harald Selsås og Wenche Strømøy. Me deler på arbeidet, hjelper kvarandre, og har det triveleg i lag.
Samarbeid med biblioteket
Me har samarbeid med biblioteket, og dette er veldig positivt. Biblioteket ligg sentralt og me har lagt fleire av foredraga våre hit, og det kjem mykje folk. Me har og eit godt samarbeid om frøbiblioteket. Me «låner» frø om våren og levere tilbake frø om hausten. På det viset kan alle få tak i frø som andre har erfaring med, og dette håpar me mange vil nytte.
Me hadde årsmøte i oktober, og me planla ulike aktivitetar for det nye året.
Startar hageåret i januar
I januar får me besøk av naturfotograf Jan Rabben. Han har skrive fleire bøker, og har mange flotte bilete. I Sveio er han og kjent for dei fine informasjonsplakatane langs vegen ut til Ryvarden Fyr. Denne kvelden vil han snakke om to ulike tema, «Ville orkidear» og «Fuglar i hagen», og det er begge deler aktuelt i hagelaget. Det blir og boksal for dei som er interessert i det.
Som vanleg arrangerer me ein frøkveld på biblioteket i februar. Denne kvelden kjem Kristian og Helen frå Hope og fortel om garden sin, og drifta der. Her får me høyre kva dei driv med, og kva dei har lukkast med. Me får og lov å kome på besøk til dei på garden i september og sjå korleis dei har det og korleis dei får det til.
Podekurs og hagevandring
Sveio Hagelag har lang tradisjon med å arrangere podekurs på Førde gamle skule. Nå har det vore eit par år me ikkje har hatt det, men i år er me tilbake med nytt kurs. Ragnvald Gramstad er dyktig til dette arbeidet, og han viser oss korleis det skal utførast. Han har med alt me treng, frå grunnstammer og podekvistar til alt utstyr som er nødvendig for å få det til. For å sikre at alle får grunnstammer/podekvistar, må ein melde seg på i forkant og det er deltakaravgift.
I slutten av august er me invitert på hagevandring hos Svein og Karin Lie på Vikse. Dei har ei stor tomt som stort sett er planta med tre og blomar, og me ser fram til å kome dit.
Det har kome spørsmål om me kan arrangere ein tur til Arboretet i Bergen for å sjå på rhododendron-blomstringa. Me ber om at de føl med på Facebook-sida vår for dato og påmelding.
Wenche Strømøy