Laurdag 2. oktober blei det avvikla ridestemne for ryttarane på Tjernagel leir og fritidssenter. Regnet som kom sette visst ikkje nokon dempar på dei ivrige unge som viste ein flott innsats tross våt oppleving. Heldigvis blei vêret betre utover dagen.
Publikum var flinke til å heia fram både eigne og andre sine ungar. Denne gongen slo me saman jenteleir og stemne, noko som fungerte bra. Ikkje alle hestane var like enkle heile tida, men dei kjekke og flinke ryttarane me har her på Tjernagel, veit heldigvis å setja like stor pris på hestevennen sin uansett.
Øving gjer meister, for både folk og fe. Eg ser at det verkeleg er verdt arbeidet dei gongene det gneistrar i augo, og det verkeleg klaffar bra for både hest og ryttar samstundes. Og det er ikkje resultatet som er det viktigaste. Det er kjensla og samspelet. Når kjensla er god, treng ikkje resultatet vera seier. Den gode kjensla er den viktigaste sigeren her, forutan i den høgaste klassen, der får dei lov til å sleppa fram konkurranseinstinkta sine, og det knivast om dei beste plasseringane. I denne samanhengen må eg også få nemne at Frida Johansen Løvland som stakk av med sigeren i den klassen, også ble kretsmeister for junior 2021 med hesten Lachio.
På Tjernagel er det også slik at alle må hjelpe til der det er behov for det. Dei eldste ryttarane må hjelpe å leie dei yngre, uerfarne eller utrygge – eller dei som rir ein hest som er meir utfordrande å ri aleine. I gymkhanaen er det også ulike oppgåver på banen, passe på kjegler, halde hestar, bygge hinder, start, mål og så vidare. Ryttarane på Tjernagel er flinke til å ta omsyn til kvarandre, og me veit at det er rettferdig å tenkje slikt.
I gymkhanaen har også mange på seg kostyme. Denne gongen var det Emine Lønning, utkledd som Harley Quinn i den yngste klassa og Charlotte Marie Økland utkledd som Harry Potter som stakk av med sigeren for beste kostyme. Den raskaste i gymkhanaen for dei eldste vart Kristine Borsholm på ponnien Thunder.
Det er flotte born og unge som ferdast her på senteret. Foreldra og ryttarane var som alltid positive, og hjalp villig til der det var trong for det. Som alltid var dei eit positivt publikum. Me takkar både dei og våre hestevenner for ein fin dag!
Helsing Hanne E. Løvland
og dei andre på Tjernagel leir og fritidssenter.
Gymkhana 1.- 4. klasse
Dei som var med:
- Selma – Tiril Sexe
- Dina – Pernille Reiersen
- Thunder – Vilja Stølås
- G-Star – Henny Brügger Apeland
- Eik – Martine Robberstad Vold
- Selma – Elise Margrethe Ingebritsen
- Dina – Emine Lønning
- G-Star – Ida Førre Apeland
Gymkhana 5. klasse og eldre
Dei som var med:
- Tjernagels Chabella – Thea Amdal Kvalvågnes
- Eik – Charlotte Marie Økland
- Ylla – Gabriele Verketyte
- Thunder – Sanna V. Haaland
- Selma – Frida Tverrå
- G-Star – Luna Nesse
- Dina – Frida Johansen Løvland
- Donnie Darko – Vienna Vikse
- Offa – Katelyn Ann Håvardsholm
- Tjernagels Mariella – Mathilde M. Aronsen
- Eik – Maria Støle
- Ylla – Eline Frøyland
- Thunder – Christine Borsholm
- G-Star – Sofie Eriksen Lier
- Donnie Darko – Helena Sexe
- Offa – Leah Meling
- Eik – Serine Kvalvågnes
Sprang 40, clear round (2 forsøk)
Dei som var med:
- Ylla – Martine Eidesvik
- Eik – Sofie Eriksen Lier
- Dina – Pernille Reiersen
- G-Star – Maja E. Hovland
- Selma – Frida Tverrå
- Thunder – Hanne Margrethe Bua
- Eik – Maria Støle
- Ylla – Serine Kvalvågnes
- Donnie Darko – Gabriele Verketyte
- G-Star – Henny Brügger Apeland
- Donnie Darko – Vienna Vikse
- G Star – Thea Amdal Kvalvågnes
- Galaxis Star – Luna Marie Nesse
- Ylla – Eline Frøyland
Sprang maks 60 cm. clear round (1 forsøk)
Dei som var med:
- Galaxis Star – Christine Borsholm
- Tjernagels Mariella – Frida J. Løvland
- Donnie Darko – Carmen Urrangsæther
- Tjernagels Mariella – Katelyn Ann Håvardsholm
- Offa – Leah Meling
- Eik – Katelynn Ann Håvardsholm
- Tjernagels Mariella – Merethe Eriksen Lier
- Ylla – Mathilde Matre Aronsen
- G-Star – Thea Amdal Kvalvågnes
- Lachio – Frida J. Løvland
- Thunder – Hanne Margrethe Bua
Sprang maks 80 cm. (70 for ponniane):
- Lachio – Frida Johansen Løvland
- Tjernagels Mariella – Katelyn Ann Håvardsholm
- Offa – Eira Johansen Løvland
- Donnie Darko – Carmen Urrangsæther
Dei andre som var med klassa:
- G-Star – Hanne Margrethe Bua
- Ylla – Mathilde Matre Aronsen
- Galaxis Star – Christine Borsholm