Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
Den gamle songskatten vår i fokus på songtreff
I ei tid har det vore arrangert songtreff på Sveio soknehus der songar frå den gamle skulesongboka og songboka på bedehuset har stått i høgsetet.
For at gullstrupene våre ikkje skal bli heilt utslitne, og at me både skal bli opplyste og få ta del i historier, har me som regel besøk av personar som bidrar med miniforedrag eller ei fortelling.
I tillegg er det som regel eit song- eller musikkinnslag, ofte med vaksne songarar eller musikkutøvarar, men det kan også vera barn eller unge som formidlar songar som er i ferd med å gå inn i songtradisjonen for nyare generasjonar.
I vår vil me prøva oss litt på nye formidlingsformer, mellom anna gjennom bilete og ulike aktivitetar som er meir leikprega, men har songen og songtradisjonen som fundament. Den gode drøsen rundt bordet blir det høve til i kaffepausen.
Songtreffa har vore godt besøkte, og alle som er glade i å syngja eller høyra fellessong og møta andre, er velkomne til å vera med. Diakoniutvalet i kyrkja er arrangør. Første songtreff i 2026 er 26. januar.
Solfrid Lier Habbestad