lesarbidrag

Olav Emil Vandeskog.
Olav Emil Vandeskog.

«Dei seier ikkje badn, fjedl, kodn, steidn lenger. Dei seier «den grønna sengå», ikkje «den grøna senjo». Meir som i byen.»

Eg har komme så «opp i åro» at eg har teke til å minnast. Då skal ein visstnok vera på vakt. «Ikkje ser han godt, ikkje høyrer han godt, og luktar godt gjer han heller ikkje», kan det heita om gamle karar. Om minnet også dimmest, så tek ein til å talmast, som det visst heitte i eldre tid i Sunnhordland.

Eg flytte heimefrå for over 50 år sidan. Alltid er det stor stas å komma attende til Sveio. Talemålet er av dei ting som har endra seg, serleg mellom dei yngre. Dei seier ikkje badn, fjedl, kodn, steidn lenger. Dei seier «den grønna sengå», ikkje «den grøna senjo». Meir som i byen. Det hender eg blir spurd her på Sørlandet om eg er frå Haugesund. Då stramar eg meg opp i gummistøvlane og seier at det vil eg ikkje ha sitjandes på meg. Det var visst 19 kilometer frå Vandaskog til byen.

Eg har langt på veg lagt meg opp mot uttalen i den gamle Sveio-dialekten, heller enn å ta omsyn til naturleg skrivemåte. Av og til har eg vore i stuss: var det sånn eller sånn dei gamle sa? Minnet kan sjølvsagt spele meg eit puss, eller det kan gå litt «aur å saur» i hausen. Det hender visst for nokon kvar. Eg kunne håpa at einkvan annan ville ta atti og komma med gamle ord frå t.d. sjø og båtliv. På Vandaskog var me mest «moldtrælar», for å stela frå Garborg.

Det er ikkje alltid lett å «andøva» og finna ein veg. Me er omgjevne av influencerar, gamerar, naildesignerar, standup-komikarar, senioranalytikarar og ka dei nå kallar seg. Midt oppi dette står eg «me armane henjanes ne longs siene» og funderer på gamle ord. «Her står eg og kan ikkje anna». Så enkelt er det, så vanskelig er det!

Dette som eg har nedteikna er ikkje noko vitskapleg på noko sett og vis. Det botnar berre i godhug for tradisjonar og interessa for bygdekultur i Sveio. Og vel og for vørnad for dei som gjekk og trakka føre oss.

Olav Vandeskog
Lindesnes

Powered by Labrador CMS