lesarbidrag
Datakurs gav meirsmak
Einstadbøvoll Helselag har arrangert datakurs. 6 godt vaksne damer var svært nøgde med kurset.
Johannes og Tonje Flatnes var lærarar. Kursdeltakarane har lyst å halde lærdommen ved like, og det er kome forslag om å starte opp datatreff på Valestrand oppvekstsenter 2 gonger per månad med oppstart i slutten av november.
Nå har me fått to datakyndige damer til å ta ansvar for treffet. Det skal vera ope for alle, og folk kan komme innom for å få hjelp eller hjelpe andre. Du kan også ta ein drøs over ein kaffikopp med noko attåt.
Me håper det er interesse for dette. Laget håper også på økonomisk støtte slik at det kan bli eit gratis treff.
Torun Valen Frøkedal
Einstadbøvoll Helselag