lesarbidrag

Cup-glede på Stord

Laurdag 23. april møtte ein flokk raudkledde og spente fotballgutar opp på Nysæter idrettsplass på Stord. Til trass for at dei har spelt fotball i snart tre år, blei dette deira første cup nokonsinne: Solid Kiwi Bama Cup.

Gutane og heiagjengen deira blei møtt av eit folkehav på kunstgraset, som var delt opp i mange små banar. Då fløyta gjekk varte kampane i 2×12 minutt, og kvart lag fekk spela tre kampar kvar. I 2013-klassa var det 22 lag totalt, der Sveio stilte mannsterkt med to lag i kvar sine puljer.

Det blei både glede, sveitte, nokre tårer, smil, is, popcorn og grillmat – og ikkje minst ein flott medalje i «sølv» til alle deltakarane under premieutdelinga. Kvart lag blei tatt opp på scena, alle spelarane blei nemnt med namn og fekk skinna litt framføre publikum. Me takkar IL Solid for eit flott arrangement, der Sveio G8 også stilte med lag.

Sveio IL fotball G13

v/Irene Flatnes Haldin

Powered by Labrador CMS