lesarbidrag

Innanfor den stripla linja er det Vegvesenet vil jobba fram ein trasè for ein fire felts motorveg gjennom Sveio.ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN
Innanfor den stripla linja er det Vegvesenet vil jobba fram ein trasè for ein fire felts motorveg gjennom Sveio.ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN

Bygg framtidsretta ny E39

Ny trase for 4 – felt E – 39 mellom Bokn og Hope skal planleggast. Det er nå viktig å ikkje gjera same feil som vart gjort ved bygging av riksvegar dei siste 20 – 50 år. Det viktige nå er eit framtidsretta trasevalg.

Å kunna kjøra 90 eller 110 km/t er eit underordna poeng i denne samanheng. Eit trasevalg bør i utgangspunkt ha kortast strekning mellom A og B.

Arealbruken til ny framtidsretta trafikkert hovudveg bør prioriterast høgare enn andre ulike ønskje om arealbruk. Det er ofte for seint å endra ein vegtrase etter at det er gjeve løyve til ulike føremål der vegtraseen helst burde ha gått.

Har lyst å påpeika ulike feil som vart gjort ved vedbygging dei siste 50 åra. Altfor dårlege trasevalg og alt for mange unødige svingar.

E – 39 mellom Våg og Haukås, ein forholdsvis ny vegparsell, men likevel ein av dei mest trafikkerte. Bygd etter eit lite framtidsretta trasevalg og med alfor mange svingar.

E – 39 mellom Førde og Bårvågvatn. Denne vegstrekning vart også bygd etter feil trasevalg.

Her pågår det nå eit omfattande kantryddingsarbeid til fleire millionar, men sjølve vegbane-traaseen blir den same.

E – 39 mellom Bårvågvatn og Bømlafjordtunnellen , den siste parsell av ny Tittelsnesveg bygd på 1990-talet.Her førelåg eit forslag som ville gjort denne parsell kortare og beinare. Vegen vart likevel bygd langs bygda Vihovda-Haugland-Ulveraker, – der det føreligg ønskje om 60 km fartsgrense.

Ole Daniel Eidsvåg

Powered by Labrador CMS