lesarbidrag

Styret i Sveio turlag. Frå venstre: Ingvar Nymark, Alfhild Vikse, Olaug Fagerland, leiar Arild Wiersen og Elisabeth Hauge Bakke.

Årsmøte i Sveio Turlag 5. mars 2026

Sveio Turlag vart stifta 31.desember 1993. Fyrste tursesong var våren 1992 – før laget året etter vart eit organisert turlag.

Kysttunet i Auklandshamn er møtestad når me avheld årsmøter.

Sveio Turlag har som føremål å organisera og gjennomføra turar i og utanfor eigen kommune. Også ikkje – medlemmer er velkomne på alle våre arrangement. 

Me har lagd ned mange dugnadstimar og hatt store kostnader med å tilretteleggja nye turstiar, samt oppgradera eksisterande turstiar. Det gjeld materialer til klopper og gangbruer, skilting m.m. Me gjer skriflege avtalar med grunneigarar.

Vår viktigaste oppgåve er å arrangera fellesturar for folk i alle aldrar i perioden mars til juni, samt frå august til oktober / november, samt den årlege «2.juledagsvandringa» på Sveio Golfpark. 

Me inviterar til om lag 28 turar gjennom vår – og haustsesongen, samt to arrangement på Kysttunet i Auklandshamn. Turlaget har tidvis også samarbeida med Haugesund Turistforening, men me er ikkje medlem i DNT (Den Norske Turistforeningen). 

Etter årsmøtet blei det servert kaffi og noko kaffimat, før Willy Mjånes fortalde ei interresant historie om «Store-Per» og andre som emigrerte frå Tjernagel til Amerika i år 1850/1852. Me fekk også høyre mykje interessant om sjølve reisa.

Styret for 2026: 

  • Arild Wiersen, leiar og medlem i arbeidsutvalet
  • Alfhild Vikse, nestleiar 
  • Elisabeth Hauge Bakke, sekretær og medlem i arbeidsutvalet¨
  • Olaug Fagerland, rekneskapsførar 
  • Ingvar Nymark, styremedlem 
  • Aud Jorunn Sveen,varamedlem til styret 
  • Bjørg Marit Grinde, varamedlem til styret 
  • Lars Tore Nordskog, medlem i arbeidsutvalet 
  • Kåre Bua, revisor 
  • Terje Amund Johnsen, revisor 

Valnemnda består av Hans Christian Sveen, Sigfrid Olsen og Kristina Enerstvedt

Referat v/Elisabeth Hauge Bakke

Powered by Labrador CMS