lesarbidrag

Sveio O-lag sine tur-o-postar er i år spreidde frå Tysvær i sør til Tittelsnes i nord.

Årets turorientering sprengjer fylkesgrensa

90 postar er lagt ut og ligg klar for besøk kring i heile kommunen. Sveio O-lag har jamvel plassert tur-o-postar i Tysvær.

Frå og med laurdag 21. mars kan både små og store leggja ut på jakt etter årets tur-o-postar.

Sveio Orienteringslag inviterer til turorientering i vakre og svært varierte område kring i kommunen, frå fylkesgrensa mot Tysvær i sør til Tittelsnes i nord. 

15 postar i Rogaland

I nabokommunen vår på andre sida av fylkesgrensa i sør ligg i år heile 15 postar i Rogaland fylke. Desse ligg i eit slakt og ope turterreng med mange kjekke utsiktspunkt i nærleiken av den merka turstien som fører til Valhest.

Årets hovudpakke inneheld seks ulike kart med til saman innteikna 70 turorienteringspostar. Karta med innteikna postar tek deltakarane med på ei reise gjennom det opne og småkuperte landskapet i Ryvarden-marka, via slake idylliske skogsvegar ved Framnes og austover til Liervatn og nord til ein flott og bratt fjelltur på Tittelsnes. Ei løype langs kyrkjestien mellom Fjellstad og Mølstre får deltakarane med på kjøpet.

Usynlege postar

Med bruk av eit flunkande nytt kart over Eikelandsneset kan turgåarane finna fram til 10 usynlege postar. 

Pakka, som ber namnet Nær-trim/Barnas Tur-o, inneheld fire ulike løypekart med til saman innteikna 20 postar. Ein av desse fire turane gir ei spennande reise i gamal krigshistorie på Nesheim fort, som ligg mellom Eltravåg og Buavåg. Her finst gamle bunkerar, kanonstillingar og hustufter som tyskarane bygde for meir enn 80 år sidan. 

Thomas Førde

Powered by Labrador CMS