lesarbidrag

Frøbiblioteket i samarbeid med Sveio folkebibliotek er blitt ein suksess. Her frå opninga i 2023. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Frøbiblioteket i samarbeid med Sveio folkebibliotek er blitt ein suksess. Her frå opninga i 2023.

Aktivitet året rundt i Sveio hagelag

Me vil ønskje alle eit godt nyttår 2025 og informere om kva me driv med i Sveio hagelag.

Me er ei arbeidsgruppe på fem personar som tar seg av arbeidet med å drive eit hagelag her i Sveio. Dette er Annlaug Fludal, Liv Solfrid F. Hovland, Britt Oddrun Stuve, Harald Selsås (kasserar) og Wenche Strømøy (skrivar). Me deler på arbeidet, og hjelper kvarandre, og har det triveleg i lag.

Me har etablert eit samarbeid med biblioteket dei siste åra, og det har vist seg å vera veldig positivt. Biblioteket ligg sentralt, me har lagt fleire av foredraga våre hit, og det kjem ein del folk og høyrer på. Me har og eit godt samarbeid om frøbiblioteket, der me kan «låne» frø om våren og levere tilbake frø om hausten. På denne måten kan me alle få tak i frø som andre har erfaring med, og dette håpar me mange vil nytte.

Hagelagsåret starta i desember

Me hadde årsmøte i midten av oktober 2024, og me starta aktivitetane i laget allereie i desember.  Då inviterte me til aktivitetskveld på biblioteket der Gjertrud Fludal lærte oss å lage bokenglar/juletre. Ca.  20 personar fekk med seg kvar sin sjølvlaga engel eller juletre heim, og julestemninga kom fram.

I januar hadde me besøk på biblioteket av Trond Høy som har vore på fleire reiser i Sør-Amerika. Han heldt eit flott og fargerikt bildeforedrag med planter frå fjellområder i Sør-Amerika, krydra med historier frå turen.

Så langt om det som har skjedd, men det er meir framover.

Mykje kjekt i vente

I slutten av februar kjem Lena Aspen frå Haugesund og held eit foredrag som handler om hage og dyrketilnærming samt jord, næring, lys og vatn,og litt om skadedyr. Me får og tips om grønnsaker ein lett får til. I juni har me fått lov å kome til ho og sjå på hennar hage korleis ho får det til.

I slutten av mars vil Britt Oddrun Stuve halde eit foredrag om hagen sin som ho kallar «Kjøkkenhagen på Hoien». Ho dyrkar mange ulike grønnsaker, poteter, urter, frukt og bær. Ho fortel om komande sesong og gir eit tilbakeblikk på tidlegare år. Også her er me velkomne på hagevandring i september når alt er klart for snarleg hausting, og me håpar mange har lyst til dette.

Me inviterer og til ein rusletur til Ryvarden med hagelaget. Det er så mange flotte blomar/planter rundt oss, og mange av oss veit ikkje kva dei heiter. Me har med oss folk som kan mykje om planter/blomar og vekster og kan gi oss svar. Me håper dette kan friste til ein fin søndagstur i sommarvêret.

Wenche Strømøy, Sveio hagelag

Powered by Labrador CMS