Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
lesarbidrag
Å gå over bekken etter vatn
Måndag 10. november får Sveio Senioruniversitet besøk av Ingvar Frøyland.
Frøyland har mesteparten av sine yrkesaktive år vore tilsett som kultursjef i Tysvær kommune. Som pensjonist har han vore aktiv i ulike styreverv, mellom anna Haugalandsmuseet, Musikkselskapet Nordvegen Munor og i år i 200 års markeringa av utvandringa til Amerika.
Tittel på foredraget hans er: «Å gå over bekken etter vatn. Om livsvisdom i ordtaka våre.» Sjølv omtalar Frøyland foredraget sitt på følgjande måte:
– Å gå over bekken etter vatn er eit kåseri/føredrag med utgangspunkt i visdomslitteratur og med vekt på ordtaka våre. Kva er særtrekk ved ordtaka, kva tema handlar dei om og korleis er dei blitt brukte. Har ordtaka ein plass i vår samtid, eller er dei i ferd med å bli ein gløymd del av kulturarven vår?
Håpar mange finn vegen til Vigdartun denne måndagen.
Astrid Hovda