lesarbidrag

Jubilantane samla: Første rekke f.v.: Frank Roy Lie, Sissel Bratteteig (Tveit), Oddveig Larsen (Økland), Margrete Meidel Ramsdal, Ellen Blytt, Gustav Eidsvåg, Hanne Vihovde (Vestvik), Janne Byrkjeland Furali, Hjalmar Lokna (lærar) og Ben Tore Brekke. Andre rekke f.v.: Odd Sverre Håvardsholm, Sveinung Askeland, Leif Arne Selsås, Jane Lilleby (Toft), Lars Håvardsholm, Geir Arve Vihovde, Marit Rørbakken ( Vihovde) og Sven Haugland. Foto: Privat
Jubilantane samla: Første rekke f.v.: Frank Roy Lie, Sissel Bratteteig (Tveit), Oddveig Larsen (Økland), Margrete Meidel Ramsdal, Ellen Blytt, Gustav Eidsvåg, Hanne Vihovde (Vestvik), Janne Byrkjeland Furali, Hjalmar Lokna (lærar) og Ben Tore Brekke. Andre rekke f.v.: Odd Sverre Håvardsholm, Sveinung Askeland, Leif Arne Selsås, Jane Lilleby (Toft), Lars Håvardsholm, Geir Arve Vihovde, Marit Rørbakken ( Vihovde) og Sven Haugland.

50 år sidan vi gjekk ut frå Førde ungdomsskule

Laurdag 11. oktober møtte 17 elevar og ein lærar opp på restauranten To glass i Haugesund for å feire at det er 50 år sidan vi gjekk ut frå Førde ungdomsskule.

Det vart verkeleg ein kveld fylt med god mat og drikke, masse latter, gode historier og sjølvsagt mykje mimring.

Hårlengda på gutane var kanskje kortare, og slengbuksa var byta ut med dagens mote, men elles syntes vi sjølv at vi var ganske lik som i 1975. Stemninga var god og tonen akkurat som før.

Vi hadde invitert begge hovudlærarane våre; Reidar Sandvik og Hjalmar Lokna. Reidar kunne diverre ikkje kome, men Hjalmar kosa seg saman med oss, noko klassen sette ekstra stor pris på.

Vi såg på gamle klassebilete frå 1975, og alle fekk høve til å fortelje litt om kva dei gjer i dag, og dele eit spesielt minne frå tida på ungdomsskulen. Nokre fortalte om forelskingar, andre om friminutt og røyking i krokane, klasseturar og små rampestrekar. Fleire var innom kor viktige dei to hovudlærarane våre var for oss.  Dei såg oss og losa oss trygt igjennom desse tre åra.

Ei stor takk til alle som møtte opp og gjorde dette til ei minnerik jubileumsfeiring.

Helsing klassen ved Førde ungdomsskule 1972-1975 ved
Margrete Meidel Ramsdal 

Powered by Labrador CMS