lesarbidrag

147 par med støvlar framfor Sveio kommunehus.FOTO: ANNLAUG FLUDAL/SVEIO BONDELAG
147 par med støvlar framfor Sveio kommunehus.

147 par støvlar framfor kommunehuset

Sveio bondelag hadde mandag ei markering ved Sveio kommunehus der 147 par med støvlar symboliserte antal bønder som søkte tilskot hausten 2021.  Dette gjer bøndene til ei betydeleg næring i kommunen.

2022 vil bli eit skjebneår for norsk matproduksjon, landskapspleie og beredskap. Sveio bondelag møtte difor leiaren i Hovudutval teknisk/næring Håkon Skimmeland for ein god samtale før dei skulle ha møte i utvalet mandag kveld.

Ap-politikar Håkon Skimmeland og bondelagsleiar Gjertrud Osmundsen.

Vi har ingen å mista viss vi skal oppretthalde god beredskap og auka matsikkerheta presiserer Sveio bondelag.

I desse urolige tider er det særs viktig at vi i Norge produserer så mykje av vår eigen mat som muleg.

Her trenger vi kommunen med på laget både som pådriver oppover i det politiske landskapet, men også lokalt. Jordvern står selfølgelig høgt på agendaen for oss bønder, men også styrking av landbruksavdelinga i kommunen som er svært viktig for utviklinga av næringa.

Gjertrud Svartveit Osmundsen

Sveio Bondelag

Powered by Labrador CMS