kultur

– Å setja punktum er nok, som elles i livet, det som er det vanskelegaste i arbeidet med kunst. Særskilt i håndarbeidsgrafikken der alt må gjerast om att; her nyttar det ikkje å lappa og flikka på noko, uttalte Trygve Goa til Vestavind i 2008.
– Å setja punktum er nok, som elles i livet, det som er det vanskelegaste i arbeidet med kunst. Særskilt i håndarbeidsgrafikken der alt må gjerast om att; her nyttar det ikkje å lappa og flikka på noko, uttalte Trygve Goa til Vestavind i 2008.

Trygve Goa sin kunst nå tilgjengeleg for alle

Mange av Trygve Goa sine kunstverk er nå berre eit par tastetrykk unna.

Publisert Sist oppdatert

Haugalandmuseet har ei stor samling kunst av grafikaren Trygve Goa. Gjennom ein avtale med Billedkunst opphavsrett i Norge (BONO), på vegne av «Marit og Trygve Goas fond til innkjøp av kunst», er samlinga nå tilgjengeleg for alle på DigitaltMuseum.no

Sveio-patriot

– «Sveiolandskapet er mitt landskap utan at det synes i bileta mine», skal grafikaren Trygve Goa ha uttalt då han i 2008 blei intervjua av Vestavind. Han la ikkje skjul på at hytta ved Vigdarvatnet i Sveio gav han krefter og inspirasjon. «Tilskueren» frå 1985 rekna han som hovudverket sitt.

Grafikaren Trygve Goa.

Stor kunstnar i nasjonal målestokk

Trygve Goa (1925-2013) blir rekna som ein av dei viktigaste  kunstnarar i regionen og ein av landets viktigaste linosnittarar. Kunstmuseet arbeider for ein best mogleg dokumentasjon av kunstnarskapen, med hovudvekt på Goa sin grafiske arbeider.

Ifølgje leiar Haugesund billedgalleri, Grethe Lunde Øvrebø, har Haugalandmuseet totalt 132 kunstverk signert Trygve Goa. Arbeida er anskaffa i løpet av åra 1972-2014. Kunstverka er kjøpt inn av blant andre Haugesund Kunstforeining og Haugesund bildegalleri, og nokre er gitt i gåve frå private.

Powered by Labrador CMS