kultur
Syngjande vårslepp i Valestrand
Søndag hadde Valestrand mannskor «Vårslepp»-konsert i bygda si kulturkyrkje. Dette er ein idé dei har hatt i fleire år, men som vart lagt på is då koronaen kom. I år fekk dei endeleg gjennomført arrangementet.
Dei rundt 100 frammøtte fekk musikalsk valutta for inngongspengane. Med arbeidsleiar og forsangar Bror Eivind Eriksen framme ved alteret, inntok resten av korgjengen kyrkjegolvet iført hjelmar og anna sporadisk HMS-utstyr. Med heilhjarta rallarinnsats til «Ola Tveiten» var kvelden sett.
Det heile vart tona ned med flotte tolkningar av «Vi vandrar saman» og «Ta meg med» med høvesvis Sigmund Skard og Hans Christian Andersen som solistar med koret støtt i ryggen.
Silje Hetlesæter følgde opp med si tolkning av «Evig eies kun et dårlig rykte». Då me alle var salige i sneglehuset, vart det tilrettelagt og oppfordra til å syngja med på dei på påfølgande songane. Med tekstane til «Lys og varme» og «Tore Tang» på lerretet, vart det meir enn berre tilløp til allsong.
God energi
Inni mellom songane styrte konferansier Dagfinn Fagerland Bjørge ordet. På flygelet hadde Ane Agdestein orden på tangentane, medan Hans Christian Andersen og Kjell Olav Møllerhaug spela bass og elgitar.
Trommeansvaret vart delt mellom Endre Hetlesæter og Olav Magnar Hovland. Dirigent var Preston James Kingsley. Eit ansvar han har hatt i snart eitt år.
– Eg kjende på ein veldig god energi frå både koret og publikum i kveld. Då er det både kjekt og lett å væra dirigent, svarar han begeistra på korleis han synes kvelden gjekk.
Motiverte koristar
Andres Blytt var medsolist på fleire songnummer og hadde aleineansvar på «Ein farfar i livet»
– Det er kjekt å få visa fram det me har øvd på sidan nyttår. Me er bortskjemde med akustikk og heldige som får ha alle øvingane våre her i kyrkja, seier han.
Med ei settliste som varierte frå svingande «Ausedans» og «Krasafaren steinbu» til «Sommarfuggel i vinterland» og «I´ll see you again, someday», avslutta Endre Hetlesæter ein flott musikalsk kveld som solist på songen «Himmelvogna».
Har øvd i tre månader
Leiar for koret, Bjarne Hetlesæter, synes kvelden gjekk godt.
– Eg er nøgd. At det kjem såpass mange på årets flottaste søndagskveld til no, må væra bra.
Han har også merka større iver innad i koret når det lir mot konsert.
– Me har øvd i tre månadar i vinter, og det aukar klart motivasjonen når me har kveldar som dette å sjå fram mot, avsluttar han.
Til slutt: om du har syngjelyst i deg, er det stadig plass til fleire i Valestrand Mannskor.