kultur
Svensk songar avlyser konsert
Laurdag 21. september skulle den svenske songaren Emilia Lindberg (34) ha konsert i Pinsekyrkja Filadelfia i Auklandshamn, men måtte avlysa grunna sjukdom.
Lindberg (bildet) er ein kristen artist med tilhøyrarar over heile Skandinavia. Over 4.400 lyttar til innspelingane hennar på Spotify kvar månad. Mange kjenner henne frå liveopptak på YouTube og kristne TV-kanalar. Ho er også kjent frå besøk på stemne, konferansar og songarrangement i indremisjonskrinsar og frikyrkjer over store delar av Noreg, skriv Filadelfia i ei pressemelding
Arrangøren reknar med å få avtale om nytt besøk av Lindberg på eit seinare tidspunkt.