kultur

Vidar Vikse t.v. og Glenn Rand er spente på korleis deira første singel «Luminated» blir motteken.
Vidar Vikse t.v. og Glenn Rand er spente på korleis deira første singel «Luminated» blir motteken.

Sveibuar med singelslepp

Den nystarta rocke-duoen Luminated, beståande av Vidar Vikse (42) og Glenn Rand (30), har gitt ut sin første singel saman.

Publisert Sist oppdatert

Debutlåta heiter «Luminated» og kom ut for få veker sidan.

– Me spelar pop-rock, med smaken av grunge (stilretning innan tungrocken). Musikken er riff-basert, med fengjande melodilinjer, opplyser Glenn Rand, også kjent under artistnamnet Glennen.

Rand spelar gitar, bass, synth, samt programmerer trommer. Han kjem opprinneleg frå Hornindal, er nordsjøarbeidar og småbarnsfar. Vidar Vikse syng, spelar gitar og synth. Han kjem opphavleg frå Bryne, er lærar på Sveio skule, og er familiefar.

Vikse er idémakar/låtskrivar, mens begge er komponistar og produsentar, og det blir spela inn i begge sine heimestudio.

Duoen sin første singel er utgitt på blant anna på Spotify og Apple Music, samt straumetenestar elles.

Powered by Labrador CMS