Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
Suksessforfattar til kulturkyrja
Suksessforfattar Anita Østerbø (68), busett på Tysnes, kjem til Valestrand kutlurkyrkje med eit sårt, men aktuelt tema torsdag kveld.
Østerbø begynte som forfattar då ho blei pensjonert frå lærarjobben, og har fått ein uventa stor lesarkrins på kort tid. Romanane hennar er basert på faktiske hendingar.
– Verd å få med seg
– Dei som ikkje får med seg dette arrangementet vil gå glipp av noko stort, seier sokneprest Arild Steinsland.
Han skal intervjua Østerbø i kulturkyrkja om innhaldet i bøkene hennar. Arrangementet er ein del av Kulturveka i Sveio.
Østerbø er oppvaksen i Bergen og hentar historiene sine derfrå. Den første boka hennar, «Skammens mødre» kom ut i 2021 og selde i 14.000 eksemplarar. Både denne og oppfølgaren «Tatt av sviket» gav ho ut på eige forlag. No er ho ute med si tredje bok i same serie, denne gongen på Kagge Forlag. «Frihetens smerte» er tittelen på denne boka.
– Tar vare på livet
Østerbø skriv om unge kvinner som fekk barn utanfor ekteskap og om konsekvensene dette fekk både for dei sjølve og barna deira, ofte i fleire generasjonar framover. Ho fortel korleis kvinnene med «uekte barn» blei møtte både av offentlege instansar og av kyrkja, til og med i det som for mange av oss er samtid. Handlinga er lagt til tida frå 1950-talet og fram til no.
– Det handlar om kvinner i ein vanskeleg situasjon som valde å ta vare på livet, seier Steinsland, som ser fram til «bokbadet» i kulturkyrkja.