kultur

– Suksess for lesekampanje

– Me er svært godt nøgde med Sommarles dette året, fortel bibliotekar Anita Ramsdal ved Sveio folkebibliotek. Fram til utgangen av juli var 44 prosent av barneskuleelevane i kommunen registrerte som deltakarar.

Publisert Sist oppdatert

Det er elevane frå 1. til 7. klasse som er målgruppe for lesekampanjen Sommarles. Då Vestavind var innom biblioteket, kunne Ramsdal fortelja at 283 barn i denne aldersgruppa var registrerte som deltakarar i Sveio. Til saman hadde dei då lest 3.149 bøker med til saman 260.235 sider.

– Og enno er det ikkje for seint å registrera seg. Lesekampanjen varer frå 1. juni til 31. august, opplyser Ramsdal.

Brukar meir tid

Det er ikkje berre deltakartalet og talet på leste boksider som gledar bibliotekaren.

– Ein tendens som har vore særleg merkbar i år, er at barna kjem saman med foreldra og brukar lengre tid enn før på biblioteket for å gjera seg kjende og leita fram bøker, seier Ramsdal.

Iselin Møller Hegre stadfestar at dette stemmer, i alle fall for hennar familie. Hegre er på biblioteket saman med barna Amelia Møller Fosstveit (10) og Viljar Møller Fosstveit (7) for å levera inn ferdig leste bøker og henta ny forsyning av lesestoff. Både Amelia og Viljar har allereie sikra seg ei god bunke bøker før dei tar seg tid til ein prat med lokalavisa.

– Premiar motiverer

– Me har deltatt i lesekampanjen sidan Amelia begynte på skulen. Når me tidlegare år har vore ute på seglbåtferie, har me lånt bøker for eksempel i Austevoll og så etterpå registrert bøkene og levert dei tilbake her på Sveio, fortel Hegre.

Ho er svært nøgd med kampanjen. Lesekampanjen har også gitt grunnlag for mykje høgtlesing, særleg for den yngste. Høgtlesing er i seg sjølv rekna for eit viktig stimuleringstiltak for å auka leselysten. Hegre merkar også at det er motiverande for barna at dei kan registrera bøkene dei har lest og få troféar og premiar etter kvart som dei klatrar oppåver til høgare og høgre nivå.

– Teikneseriar er populære

– Registreringa er basert på tillit, forklarar Ramsdal, som også understrekar kor viktige foreldre og lærarar er for å få barna til å lesa meir. – Før kampanjestart om våren brukar eg å dra rundt på skulane for å vekkja interessa for å delta, seier ho.

Barna vel sjølve kva dei vil lesa, understrekar ho vidare. Det er stor breidde i kva dei unge sveibuane vel å lesa, men ein tendens er klar. Teikneseriebøker har vist seg å vera særleg populære, og bibliotekaren gler seg over at det no har kome fleire norske forfattarar av teikneseribøker.

Elles har kampanjen eiga nettside, der barna sjølve kan registrera bøkene dei er ferdige med. På nettsida kan dei også lesa eller høyra årets sommarforteljing. I år er det Mari Moen Holsve som har skrive sommarforteljinga, «Fanget av spillet», om Astrid og Asbjørn. Barna kan også følgja med på kva venene deira les og kva bøker som er mest populære. Ifølge sommarles.no hadde deltakarane lest 202.379.710 boksider frå kampanjestart og fram til føremiddagen den siste julidagen i år.

Avsluttar med show

Troféane og premiane som dei unge lesehestane etter kvart gjer seg fortente til, får dei utdelte på biblioteket. Lokalt i Sveio kan Ramsdal dessutan freista med ein stor fellespremie til alle deltakarane.

– Torsdag 8. september blir det stort vitenshow med Roe Lauvås jr., som blandar vitskap og galskap og frambringr både brennande såpebobler og flammekasting, fortel bibliotekaren og viser til plakaten som er plassert lett synleg ved inngangen til bibloteket.

Showet blir i Vigdartun, og biblioteket deler ut gratis billettar til sommarles-deltakarane.

Powered by Labrador CMS