kultur
Stiller ut i kulturkyrkja
Erlend Briggar Larsen (47) er sommarens utstillar i Valestrand kulturkyrkje. I arbeida sine er han blant anna inspirert av menneske, dyr og natur.
Tidleg i vår hadde Erlend Briggar Larsen besøk av eit kinesisk ektepar som hospiterte hos seg gjennom eit internasjonalt kunstsamarbeid. Trioen inviterte til felles utstilling hos Sveio-kunstnaren heime på Rødmyr, men publikum uteblei.
– Dette var heilt i starten av mars, men folk var sannsynlegvis skeptiske sjølv om koronapandemien ikkje var kome til Noreg ennå, fortel Briggar Larsen.
I midten av mars reiste dei kinesiske gjestene hans som planlagt og kom seg heim til Kina akkurat før grensene blei stengde. Der blei dei sett i karanetene på eit hotell, med pålegg om å dekka alle utgiftene sjølve.
– Eg er veldig spent på utstillinga i Valestrand, og eg håpar det kjem mange besøkjande og at dei får lyst å kjøpa kunsten min, seier Briggar Larsen som har hatt svært lite inntekt i lang tid grunna koronapandemien.
Briggar Larsen er kunstutdanna blant anna frå New York, byen han nesten årvisst har vendt tilbake til sidan 2003. Også i år såg han fram til ein månad med teiknestudie «over there». Han hadde billetten klar, han skulle reist i april, men så plutseleg endra verda seg totalt.
Valestrand kulturkyrkje
I Valestrand blir det open kyrkje frå 7. juli til 23. juli. Kulturkyrkja vil vera open ettermiddagar på tysdagar, onsdagar og torsdagar og vert betent av medlemmer frå Einstabøvoll helselag, Valestrand kvinne- og familielag, Valestrand kulturkyrkje og Valestrand og Førde sokneråd. Forutan kunstutstilling er det lagt til rette for å be bøner og tenna lys, i tillegg til servering av vaflar og kaffi. Opningsdagen 7. juni, blir offisielt markert ved varaordførar Ruth Østebøvik Eriksen, Erlend Briggar Larsen, i tillegg til kulturkrefter.
Allsidig kunstnar
Briggar Larsen er ein allsidig kunstnar, og interessa går i mange retningar. Han malar figurar, landskap, stilleben, litografi og portrett. To av hans spesialfelt er blyantteikning og kol.
Det er også noko av det første han viser oss når me besøker han heime på Rødmyr. To teikningar, begge med praktfull skuggelegging, og med motiv av menneske og mektige, nakne tregreiner.
– Ser du det? spør han.
Så snur han biletet, og liksom på magisk vis dukkar det opp ein sjimpanse.
– Mennesket speglar seg i dyra, kanskje som Yin Yang (gamle kinesiske symbolbegrep for dei to grunnkreftene som saman skaper naturens kretsløp og menneskelivets orden, journ. anmerk.), smiler kunstnaren.
Han treng ikkje gå langt for å bli inspirert i arbeidet. Rundt kunstnarheimen er det frodig, ei lett blanding av kultivert og viltveksande hage, og over der igjen mektige eiketre som strekkjer seg mot himmelen.
Solskin
Sola, lyset og natur har vore inspirasjonen for utstillinga sitt hovudmotiv. Teknikken er teikning med akrylmaling, type trykkpennar.
– Dei som kjem på utstillinga mi vil også sjå fargesterke maleri i storformat, lovar kunstnaren.
Det største er eit 4,20 m x 0,60 m langt maleri, beståande av sju panelar med ulike motiv. Grunna storleiken blir det sett på stolar oppe på galleriet. Tittelen er «Reisen».