Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
Slutt for Sildajazz-sjef Ekrene Vik
Styret i Stiftelsen Sildajazzen har vedteke å bli ein rein dugnadsbasert organisasjon. Sveibu og Sildajazz-sjef Terje Ekrene Vik er no inne i sine siste veker som dagleg leiar.
Avgjerda om å endra på Sildajazzen har sin bakgrunn i siste års festivalar, kor kostnadane har vore vesentleg høgare enn inntektene. Siste år viser eit foreløpig tap på 1,6 millionar kroner, står det i ei pressemelding sendt ut tysdag kveld.
Det betyr at festivalen si einaste stilling opphøyrer, og festivalsjef og sveibu Terje Ekrene Vik forlet festivalen. Han er no inne i sine siste veker som tilsett. Vik er usamd i grunnlaget for avgjerda, og har gjennom prosessen vore klar på at han meiner dette ikkje er den beste løysinga, men har no ført over leiaransvaret til styret.
– Er heilt klart betre løysingar
– I utgangspunktet er kommentaren min det som står i pressemeldinga. Eg er usamd i grunnlaget som styret har for avgjerda. Eg meiner det heilt klart er betre løysingar. Hovudsakeleg for festivalen si skuld. Så er det ikkje noko gøy å mista jobben, men det skal nok gå bra med meg, seier han til Haugesunds Avis seint tysdag kveld.
Styret i Stiftelsen Sildajazzen takkar Terje Ekrene Vik for konstruktive samtalar og handtering av ein vanskeleg situasjon. Stiftelsen Sildajazzen legg inga skuld på dagleg leiar for situasjonen som har bygd seg opp over fleire år. Men når situasjonen er som den er, så er det styret sitt ansvar å finna nye vegar til ei forsvarleg drift, står det i pressemeldinga som er signert styreleiar Unni Hilt
Ønsker lykke til
Terje Ekrene Vik har berre det siste året hatt ansvar for drifta av festivalen. Me ønsker han lykke til på vegen vidare, står det vidare.
Styret vil i framtida arbeida for å gjenoppretta stiftinga sin eigenkapital, og ikkje minst finna si nye form tilpassa dagens konkurransesituasjon.