kultur

Henriette Grutle frå Førde hadde sin første live-konsert førre helg, til god respons frå publikum. – Eg var veldig nervøs, men er glad for at eg gjorde det! Foto: Ole Martin Bentsen
Henriette Grutle frå Førde hadde sin første live-konsert førre helg, til god respons frå publikum. – Eg var veldig nervøs, men er glad for at eg gjorde det!

Skriv og syng sine eigne songar

Henriette Grutle hadde si første live-framføring på Slippen i Auklandsghamn 6. september. Der ho song sin eigen låt «Tebake i tid» som oppvarming for konserten til Paul Hansen.

Publisert Sist oppdatert

21-åringen innrømmer at ho var veldig spent og nervøs i forkant av konserten, men vart styrka av å opptre saman med ein trygg og erfaren musikar. Ho er veldig nøgd med å ha komme gjennom det med ryggen rak.

Det kan ho kjenne på med godt samvit; ho fekk god respons og applaus frå publikum. Og sjølv om ho ikkje var klar til å framføre fleire av songane sine, var det tydeleg at publikum ønska meir.

Ikkje heilt fersk i bransjen

Men om Henriette hadde sin live-debut førre helg, er ho ikkje heilt fersk i musikkbransjen. Ho har drive med både skriving av tekstar og musikk ei god stund, og har gitt ut i alt fire låtar i løpet av dei siste to åra.

Ho skriv og syng alle songane sine sjølv, medan arrangementa og musikken til låtane er laga i samarbeid med musikar og produsent Andreas Carlos Furdal, som sjølv er oppvaksen i Sveio. Ho syng både på norsk og på engelsk, men har ikkje heilt landa på kva for eitt av dei to språka som er mest ho, så for no gjer ho begge deler.

Saknar storebror

Ei viktig kjelde til musikken har ho fått frå heimen, med song og gitarspeling i familien.

– Det var den ni år eldre storebror min som for alvor fekk meg interessert i musikk, og det var han som lærte meg mykje av det eg kan, seier Henriette.

Men for om lag tre år sidan mista ho storebror sin, noko som gjekk djupt inn på henne. Den siste låta hennar, «Storebror», handlar om saknet etter broren, og Henriette fortel at musikken hjelper ho å handtere kjenslene rundt tapet. Men ho har også ei storesøster og ein veslebror som ho er glad i.

Album på sikt

– Eg har fleire låtar under utvikling, men eg har ikkje konkrete planar om nye utgjevingar med det første. Eg tek det litt som det kjem, seier 21-åringen.

Henriette tenker likevel at det er aktuelt å få gitt ut eit album på sikt, og ho kan godt tenke seg å drive med musikk på heiltid. På spørsmål om det blir fleire live-oppdrag framover, svarar ho med glimt i auga:

– Det kan godt hende.

Låtane hennar finn du på Spotify, YouTube og tilsvarande musikkstrøymetenester.

Powered by Labrador CMS