kultur

Skal hylla Ole Paus i Sveio kyrkje

Søndg 10. november inviterer Ad Libitum til konserten «Hyllest til Ole Paus» med Anita Skorgan, Kjell Harald Litangen, André Eide og Sveio Barnekor. Konserten blir i Sveio kyrkje.

Publisert Sist oppdatert

– Programmet vil innehalda dei vakraste låtane til Ole Paus – arrangert av vår eigen Sigmund Pedersen, heiter det i ei pressemelding som Ad Libitum sjølv har sendt ut.

– Flott oppleving med Paus

Kordirigent Per Bjørn Habbestad forklarar bakgrunnen for konserten slik:

– I 2019 hadde me ein konsert saman med Ole Paus der «Det begynner å ligne et liv» var med. Konserten blei ei flott oppleving, og me blei også kjende med artisten og mennesket bakom. Ole Paus var ein av dei mest produktive låtskrivarane. Då han gjekk bort, etterlet han seg ein nasjonal skatt i form av dei verka han har laga. Det er eit knippe frå denne skatten me vil henta fram og heidra minnet hans med, seier Habbestad.

Opp gjennom åra har Ad Libitum hatt samarbeid med ei rekkje landskjende artistar. Anita Skorgan er ei av desse. Ho er dessutan ein av artistane som har framført mange av Paus sine låtar. Difor var det naturleg å invitera henne som vokalist til minnekonseren, fortel Habbestad.

Musikar med sveiorøter

André Eide frå Tysnes er Ad Libitum og Sveio Barnekor sin faste pianist og blir også med på denne konserten. Dessutan har koret fått med seg ein av landets fremste gitaristar, Kjell Harald Litangen.

– Det var ut frå kvalifikasjonane hans som musikar og før eg visste om tilknytinga hans til Sveio, seier Habbestad.

Litangen er oppvaksen på Karmøy og busett i Oslo, men foreldra hans har flytta tilbake til Auklandshamn der dei begge kjem frå.

Litangen har samarbeidd med ei rekke kjende artistar som Maria Mena, Ole Edvard Antonsen, LidoLido, Sissel Kyrkjebø, Adam Douglas, Rita Eriksen, Kurt Nilsen og mange fleire.

Stor interesse

Både på grunn av innhaldet og utøvarane som er med, trur Habbestad dette er ein konsert det vil vera stor interesse for, eit arrangement som vil fylla Sveio kyrkje til siste plass. Han rår difor alle interesserte til å skaffa seg bilettar på førehand for å vera sikre på at dei får koma inn.

Powered by Labrador CMS