Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
Økland har invitert Nerdrum med på utstilling
Billy R. Økland skal ha stor utstilling i Blondefabrikken i Skudeneshavn. Hans tidlegare læremeister Odd Nerdrum deltek i utstillinga med fem måleri.
For nokre år tilbake snakka Økland med Turid Spildo, Nerdrum si kone, om å visa nokre bilder av Nerdrum under Skudefestivalen. Den gong var alle lokala booka, og det let seg ikkje gjera.
– Stor stas
– No var mogelegheita der, sidan Karmøy Kunstforening inviterte meg til å halda ei utstilling i den store, flotte Blondefabrikken i Skudeneshavn. Eg ringte Øde, sonen til Nerdrum, og spurte om det var mogeleg å få med nokre bilder av Odd, og sonen sa ja med ein gong. Nerdrum har vore ein stor inspirasjon for meg, og det er veldig hyggeleg og stor stas å få med nokre verk av min tidlegare læremeister, seier Økland.
Dei siste dagane har vore travle med å få opp utstillinga, og Økland ser fram til vernissage med musikalsk opning om kvelden 3. juli. Utstillinga held ope heile Skudefestivalen fram til 7. juli. Deretter vil den vera open dei to påfølgende helgane.
Klassisk figurativ målar
Øklandsbuen har kjent Odd Nerdrum sidan han var elev hos kunstnaren i 2009. Som Nerdrum er Økland ein klassisk figurative målar. Han har internasjonal erfaring, og har blant anna stilt ut måleri i Kitsch-Biennale i München og Magasin Poets and Artists (USA).
Økland er opptatt av det sanselege, levande, og tidlause, noko som speglar seg både i hans portrett, landskap, og stilleben.
– Eg strebar stadig etter å gi kvart enkelt måleri mest mogeleg liv og gjera det inderleg. Det vera seg både av historisk og notida sin verkelegheit, seier Økland.
Målar mykje på oppdrag
Økland er innkjøpt av både offentlege og private verksemder. I tillegg til utstillingar i inn- og utland, målar han mykje på oppdrag både for næring og private samlarar.
Av faste utstillingar er blant anna den lokale og årlege julesalongen ved Galleri Økland i Auklandshamn.