kultur
Nyoppussa perle – bli med på namneval
Fyrmeisterbustaden på Ryvarden har fått eit løft innvending med maling, oppfordringa nå går ut på å koma med namn til dei fem soveromma.
– Me har fått svært mange gode forslag via Facebook og Instagram, men har per i dag ikkje tatt avgjerd, seier kulturfyrvaktar Gunn Bente Håvardsholm. Enda håpar ho på at det skal dukka opp fleire namneforslag.
Kreativiteten blomstrar
Blant namneforslaga som har kome inn er kuling, storm, orkan, brottsjø, malstraum, svaberg, bølgeskvulp og moreld. Lille bølge, havblikk og drømmeseglet, er også med.
Atter andre meiner øyar og holmar i nærområdet burde koma til uttrykk; til dømes Espevær, Ramsholmen, Røvær, Lyngøya, Oksøya og Grautaviksholmen.
Andre forslag er Haringeholo, Laksaberget, Huldrahola og Ravnafloke.
Mange kostar i sving
Ifølgje Håvardsholm hadde fyrmeisterbustaden på Ryvarden behov for oppussing, og dette arbeidet vart gjort i januar i år. «Fyrfolket» – dei som arbeider på Ryvarden i dag, gjorde jobben, med god hjelp av vaktmeister på Ryvarden, Mariusz Buryj. Finansiering av arbeidet har vore eit delingsprosjekt mellom drivar Ryvarden Kulturfyr KF og eigar Sveio kommune.
Reindyrkar fyrhistoria
– Eg er svært nøgd og stolt over resultatet. Fargane me har valt gjenspeglar naturen me omgir oss med; hav, himmel og dei skiftande fargane i landskapet utanfor vindauga. I fyrmeisterbustaden ønskjer me å reindyrka fyrhistoria. Gjestene våre skal kunna fornemma og kjenna på kva hus og område dette er; fyrfolket som tidlegare budde der ute, og som hadde sitt daglege liv og arbeidsplass på fyrstasjonen, seier Håvardsholm.
Ei perle
Sveio kommune inngjekk leigeavtale med Kystverket heilt i starten av 1990-talet. Galleriet opna dørene i pinsen 1992, og fyrmeisterbustaden vart oppgradert våren 1994. Då som gjestebustad for kunstnarar og representasjonsbustad for Sveio kommune. I dei første åra vart dette huset lite brukt som utleige til andre.
– Å marknadsføra, og ønskja velkommen til alle som ønskjer eit fyropphald i fyrmeisterbustaden er noko som har vore ein naturleg del av utviklinga på Ryvarden i dei seinare år, fortel Håvardsholm.
– Korleis har interessa vore?
– Me har opp gjennom åra hatt svært mange gjester, frå inn- og utland i fyrmeisterbustaden; storfamiliar, vennegjengar, barnefamiliar, kunstnarar, brudepar og næringsliv. Likevel, me har ikkje alltid lukkast med å fortelja nok om kva perle fyrmeisterbustaden er, og at dette er eit hus som er mogleg å leiga, konstaterer Håvardsholm.
Har du tips til namn kan du senda til Ryvarden Kulturfyr på Facebook.