Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
Nye tonar frå den gamle slippen
Etter ein noko dramatisk lydsjekk, der miksepulten gjekk opp i røyk og pulsen til både arrangør og artistar truleg følgde i same retning, gjekk det heldigvis bra til slutt, og det vart duka for konsert i dei sjarmerande lokala til Øklandsnes Slip.
Paul Hansen (44), med oppvarming frå Henriette Grutle (21), serverte nydelege songar og melodiar til eit lukkeleg og lyttande publikum laurdag kveld.
Det er tredje året på rad at den talentfulle og folkekjære musikaren Paul Hansen hadde konsert i dei gamle verkstadslokala til «Slippen». Haugesundaren har allereie lang erfaring som musikar, og har mellom anna utmerka seg som frontmann, vokalist og gitarist i banda Cortina, Blest og Vamp.
Mange nye låtar
I det siste har han jobba med å få solokarriea si på beina, med planar om å gi ut eit soloalbum innan utgangen av neste år. Han møtte difor opp med eit imponerande repertoar av låtar som ikkje enno er utgjevne, og som faktisk heller ikkje har blitt framført for eit live publikum før.
I år delte han også scena med vår eigen Henriette Grutle frå Førde, som hadde sin live-debut med låten «Tebake i tid». Det vart med andre ord ei konsertoppleving av det sjeldne slaget, og dei om lag 40 tilskodarane fekk mykje for pengane!
To timar med silkemjuk musikk
Trass hard konkurranse frå ein rekefest i Buavåg, countryfestival i Førde og teater i Ørevik, som alle fann stad på ei og same tid i helga, var det eit godt knippe musikkinteresserte som fann vegen til konserten. Både unge og gamle frå både nær og ikkje fullt så nært, kunne nyte ei raus servering av kaffi og kransekake, saft og snacks.
Stemninga var på topp frå minuttet det byrja å dukke opp folk, og praten sat laust og lett fram til musikarane gjekk på scena. Både Henriette Grutle og Paul Hansen opptredde åleine på scena, og blei møtte med stor respekt og entusiasme. Godt og vel to timar med silkemjuk musikk med gode tekstar til ettertanke resulterte i eit smilande og nøgd publikum som forlet Slippen i nitida denne fine septemberkvelden.
Tok saka i egne hender
Det er eldsjela Inga Norunn Jacobsen som står bak initiativet, og det er ho som eig og driv plassen. Ho fortel at ho har sakna ein tydeleg lokal samlingsplass for Auklandshamn, så for nokre år sidan bestemte ho seg for å ta saka i eigne hender. Ho sette i stand det gamle verkstadbygget på Øklandsnes og gjorde det om til ein kulturarena, med fokus på å bevare den lokale historia.
I byrjinga inviterte ho til historieforedrag, men etter kvart innsåg ho at bygget også kunne fungere som konsertlokale. Slik vart det, og resten er historie. Tidlegare i år har ho mellom anna arrangert konsert med Bjørn Berge og foredrag av Arjen Kraaijeveld. Seinare i haust, allereie 11. oktober, opnar ho igjen dørene når Rabbagastane Bent Stølås og Vegar Laurendz Pedersen slepp seg laus.