kultur

Folk vil vera stolte over og bu å etablera seg i ei bygd som er attraktiv og spennande. Dette er visjonen for prosjektet «Kulturbygda Valestrand», som byggjer vidare på det gode som finst i bygda. I 2017 fekk dei 50.000 kroner til eit forprosjekt. Prosjektet er no inne i år to i eit tre-årig hovudprosjekt, der det er mogleg å få inntil 390 000 kroner.– Kva må til for å skapa ei levande bygd? Det er å ha det livleg og lystig, meiner Hans Christian Andersen, som i 2016 såg fram til å byggja vidare på det gode liv i eiga heimbygd. Ombord er Marco Thomas og Sarah Livesay, medan Bror E. Eriksen har den symbolske rolla som «motor». I baugen kan yngstesonen til Thomas skimtast frå babysetet.
Folk vil vera stolte over og bu å etablera seg i ei bygd som er attraktiv og spennande. Dette er visjonen for prosjektet «Kulturbygda Valestrand», som byggjer vidare på det gode som finst i bygda. I 2017 fekk dei 50.000 kroner til eit forprosjekt. Prosjektet er no inne i år to i eit tre-årig hovudprosjekt, der det er mogleg å få inntil 390 000 kroner.– Kva må til for å skapa ei levande bygd? Det er å ha det livleg og lystig, meiner Hans Christian Andersen, som i 2016 såg fram til å byggja vidare på det gode liv i eiga heimbygd. Ombord er Marco Thomas og Sarah Livesay, medan Bror E. Eriksen har den symbolske rolla som «motor». I baugen kan yngstesonen til Thomas skimtast frå babysetet.

Ny moglegheit for dei som vil skapa gode lokalsamfunn

Folk i Vestland kan no søkja om midlar til lokal samfunnsutvikling gjennom fylkeskommunen.

Publisert Sist oppdatert

LivOGLyst i ditt lokalsamfunn

  • LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar.
  • I LivOGLyst er kvart menneske viktige lokalsamfunnsutviklarar. Programmet har «nedanfrå og opp» som grunnhaldning. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv.
  • Lokalsamfunn i bymiljø, distrikt og større bygdemiljø er velkomen til å søke programmet.
  • Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Vest fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland og Fylkesmannen i Vestland.
  • LivOGLyst tilbyr nettverk, nyttige kurs, rettleiing, innsikt i prosjektmetodar, økonomisk tilskot
  • Les meir på www.vestlandfylke.no/livoglyst

Har du ein idé til eit prosjekt som kan utvikla lokalsamfunnet der du bur? Då kan det unike LivOGLyst-programmet til Vestland fylkeskommune vera verdt å undersøka. Her blir ein tilbydd eit nettverk, som gir mange moglegheiter – alt frå å etablera nye møteplassar til å laga ein festival.

Kort frist

– Me ønskjer å få med deg som har ein god idé til eit prosjekt som kan bygga gode lokalsamfunn, men tida fram til søknadsfristen 25. oktober er kort. Om du har spørsmål rår vi deg derfor til å kontakta oss snarast mogleg, så skal me rettleia deg best mogleg, seier Endre Høgalmen, seksjonssjef for naturressursar, landbruk og reiseliv i Vestland fylkeskommune.

Lokalsamfunn med godt grunnlag

Formålet med LivOGLyst-programmet er å stimulera til lokalsamfunnsutvikling slik at me får gode lokalsamfunn som grunnlag for bulyst, god folkehelse og næringsutvikling.

– Me har gode erfaringar med dette arbeidet, seier rådgjevar Ingeborg Sofie Sætrevik.

Ho er prosjektleiar for LivOGLyst og står klar til å rettleia dei som no tenkjer å søkja.

Pågåande prosjekt i Valestrand

I Sveio kommune har Valestrand-bygda eit LivOGLyst-prosjekt som går over tre år. Dei to første åra har det blitt utbetalt 260 000 kroner frå fylke og kommune.

8. mars vart kvinnedagen feira i Ørevik grendahus, med 80 kvinner, og åtte nasjonalitetar representert. Middagen var delvis sponsa av LivOGLyst-prosjektet i bygda.

– Me har mellom anna vore bindeledd for lag og organisasjonar, og vore med på å laga nye aktivitetar, opplyser Kjartan Eidsvåg, som er prosjektleiar. I år, som i fjor, har LivOGLyst i Valestrand fått 100 000 kroner frå prosjektet, og 30 000 kroner frå Sveio kommune, som må stilla med ein kontaktperson for dei som får innvilga økonomisk tilskot.

Stadanalyse

På grunn av korona-situasjonen, blei leiinga nøydd for å tenka annleis i år. Det har resultert i at dei har engasjert ein bygdeutviklar, som er i ferd med å analysera området, nettopp for å sjå kva moglegheiter bygda har. Resultatet av arbeidet er tenkt presentert mot slutten av året.

To typar prosjekt

Ein kan søka om tilskot til eittårige forprosjekt eller treårige hovudprosjekt. Dei eittårige forprosjekta kan få inntil 50000 kroner, og søknadsfristen 25. oktober gjeld slike prosjekt.

Treårige hovudprosjekt, slik som Valestrand har fått til, får 300000 kroner i støtte. Berre prosjekt som har gjennomført eit eittårig forprosjekt, kan søkja om midlar til hovudprosjekt. For hovudprosjekta er søknadsfristen 6. desember, opplyser Vestland fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS