kultur

Mangfaldig og vakker julekonsert

– Ting kan skje, sa artist og humorist Torolf Nordbø då han delte ord og tankar med dei over 300 store og små som tok del i Valestrand Bygdalag sin«Julekonsert i Valestrand kulturkyrkje».

Publisert Sist oppdatert

Og ja, det skjedde noko heile tida mellom klokka 19 og 21. Heidi Eilerås frå Sveio starta julekonserten med sitt musikkinstrument eufonium, som betyr «velklang». Preston James Kingsley spela på flygel, og det vart ein vakker og god klang i kyrkjerommet då dei to framførte «O Holy Night» (O Helga Natt).

Fylte kvar ein krok

Konferansier Lars Petter Lie ønskte deretter velkomen.

– Me har eit fullspekka program her i dag. Eg tenkte «yes» då dei spurde om eg kunne vera med, for eg har eit skjult talent, og men skal eg berre leia denne kvelden, sa han muntert.

Medan unggutane Vebjørn Lundås og Lauritz Ø.Skogland tende to ljos i adventslysestaken, fylte songen «Tenn lys» kvar ein krok i kyrkja.

Trollbatt alle

Det var opplyst i programmet at Eikeland og Valestrand musikkorps med dirigent Trygve André Tvedt skulle framføra melodien «Santa Lucia», men ikkje at også fem born skulle stå framfor mikrofonen og trollbinda oss alle. Emil Sebastian Thomas, Vebjørn Lundås, Sigrid Lundås, Linnea Thomas og Felix Thomas kan vera stolte av seg sjølve!

21-åringen Inger Lovise Semb tok over og song «Walking in the Air» (The Snowman), samt «Stjernesludd», akkompagnert av dei to musikkorpsa. Ungjenta imponerte med si kraftfulle og vakre røyst også då ho song melodien «Home for Christmas» medan far hennar, John Anders Semb, spela gitar.

Kildesortering

Då Torolf Nordbø entra scenen på ny og tok fram gitar og munnspel for å syngja «Eg lengtar til eit Vestland», tok han like godt med at han «lengta heim til både Ryfylke og til Finnøy i kveld». Det er vel heller ikkje vanleg å høyra i kyrkja om ei visstnok sjølvopplevd hending om at ei ku fall ned frå oven og traff bilen.

Nordbø fortalde om ei spesiell jul i møte med fine folk frå Ukraina og om kulturell lærdom. Brått bytte Nordbø habitt og blei pensjonisten og ungkaren «Han Innante» som ikkje såg med blide augo på at byfolk har det med å setja nye namn på til dømes det folk på landet kallar søppelsortering.

– Kildesortering heter det nå i Stavanger. Me hadde to typar søppel: Det som brann og det som sokk!

Allsong

«Jarle Jacobsen med vener» består av fire karar som i eitt år har spelt i lag i band, og  som denne kvelden spelte offentleg for fyrste gong. Dei overraska med Leonard Cohen sin verdskjende «Hallelujah» med Billy Roy Økland som solist medan Jacobsen sytte for gitarspel.

Silje Hetlesæter fekk verkeleg fram jula i oss alle då ho sat ved flygelet og song den vakre melodien «Jula tilbake», før gruppa «Vadlasletta» samt Hans Christian Andersen frå Valestrand Mannskor gav oss «Pust inn, pust ut».

Alle reiste seg då det vart allsong og tonane frå «I en natt» runga i heile kyrkjerommet. Valestrand Mannskor og dirigent Preston James Kingsley gav oss «The Little Drummer Boy», «Det kimer nå til julefest» samt «Nordnorsk julesalme» før Ane Agdestein flytta seg frå flygelet og song «Det lyser i stille grender» med si vakre røyst.

Pengegåve

Før siste allsong, og konferansier Lars Petter Lie takka både musikarar og alle andre som møtte denne kvelden, blei det informert om at ein gjerne kunne gje ei pengegåve til Frelsesarmèen ved utgongen, samt at «det har frose på ute, så ver forsiktige, det kan vera glatt».

Musikkorpsa, kor og andre medverkande tok del saman med publikum og organist Leiv Rossehaug då «Deilig er jorden» avslutta den fine julekonsert-opplevinga.

Oppteljing etter konserten viste at det kom inn 28.403 kroner, som uavkorta går til Frelsesarméen sitt arbeid blant dei som treng hjelp i vårt eige samfunn. Pengane blir denne gongen overført til Frelsesarméen sitt korps på Stord.

Powered by Labrador CMS