kultur
Stor usikkerheit rundt planlagde arrangement:
Må avlysa «Syng med oss»
Både kyrkja og kulturlivet i Sveio må omstilla seg etter nye reglar igjen. Det betyr blant anna at større arrangement kan bli avlyst.
– Me er i jamleg vurdering på dei ulike arrangementa, og spesielt der det er venta mykje folk. Det er framleis moglegheiter til å gjennomføra dei fleste arrangementa med dei nye retningslinjene, men korleis det blir rundt julegudstenestane må me ta stilling til når det nærmar seg, opplyser kyrkjeverja i Sveio, Otto Krakk.
Balansegang
Krakk opplever det som ein vanskeleg balansegang når kyrkja på eine sida skal tilrettelegga så langt som mogleg for at folk kan møtast, og på den andre sida ha færre kontaktar og ivareta godt smittevern.
– Me er i kontinuerleg dialog med kommunen sine folk på smittevern og har hatt mange kontaktar berre i løpet av onsdagen for å få avklart korleis dei ser på dei ulike planlagde arrangementa, fortel Krakk.
Må avlysa
Lørdag er det planlagt «Adventsgrøt» på Sveio soknehus. Dette arrangementet står ved lag, enn så lenge.
– Slik me forstår retningslinjene kan me gjennomføra dette på ein betryggande måte ved at folk held avstand og dermed kan møtast, seier Krakk.
«Syng med oss» i Sveio kyrkje søndag kveld, med innslag av blant anna skulekorps, vokalgruppe, kor, og kulturskuleelevar, går ut.
– Dette er eit av dei arrangementa me vurderer, men ikkje har endeleg konkludert. Me ventar ein ny smittevernrettleiar frå Kyrkja sentralt, og som også tek utgangspunkt i regjeringa si forskrift. Samstundes må me også ta høgde for kva dei ulike involverte aktørane tenkjer, opplyste kyrkjeverja onsdag ettermiddag.
Onsdag kveld kunne han melda at «Syng med oss» som var planlagd søndag 12. desember, er avlyst.