kultur
Lesekampanje slo an i Sveio
Ivrige barn i biblioteket sin lesekampanje har registrert over 3800 bøker i sommar.
Sommarles blei for første gong arrangert på Sveio folkebibliotek i år. Frå 1. juni til 31. august var det mogleg å melda seg på, og registrera kvar ei bok ein las. Høgtlesing og lydbok telde også.
For kvar side fekk ein poeng, poenga førte lesarane opp i nivå, og etter kvart kunne ungane henta seg inntil fire premiar på biblioteket. Det gjekk i armband, viskelær, smykke, skjel og for dei som nådde lengst: ekte haitenner!
Leseglade jenter
To av dei 256 som har vore med på Sommarles er Thuva Hamre Nilsen (10) og Julie Selsås Prøysen (9). Dei blei til og med trekt ut som to ekstravinnarar på toppen av det heile, slik at dei tysdag denne veka fekk koma på biblioteket på premieutdeling.
Dette skulle også vera avslutning for heile Sommarles, med forfattar av den spennande forteljinga om Astrid og Asbjørn som lesarane kunne bli kjende med, men korona sørgja for at det måtte bli eit knapt oppmøte.
Ekstra lyst til å lesa
Thuva hadde med seg mamma Elin Hamre og farmor Bodil Nilsen, medan Julie kom i lag med mamma Stine Prøysen og pappa Helge Dale Selsås.
– Eg gløymte å registrera den siste boka, fortel Thuva. Ho fortel at ho les mykje forskjellig, gjerne bøker som ikkje er så lange.
– Eg les om kveldane når eg skal leggja meg. Av og til les eg så lenge at eg gløymer tida, smiler Thuva, som går i 5. klasse på Vikse skule. Ein ting er sikkert, og det er at Sommarles gjorde at ho fekk ekstra lyst til å lesa.
Tjukke bøker er kjekke
– Eg les både om dagen og kvelden, smiler Julie. Level 48 enda ho på, sjølv om ho ikkje fekk tid til å registrera den siste boka. 9-åringen les i store mengder, altså.
– Eg lærte å lesa før eg starta på skulen, skriva også, seier Julie, som går i 4. klasse på Sveio skule. Ho er glad i Harry Potter-bøkene, dei er ho ferdige med. No om dagen går det mest i lektyre som mamma las då ho var liten, nemleg Barnevaktklubben.
15 bøker per brukar
Bibliotekfullmektig Anitha Meidel Ramsdal kan ikkje anna enn å seia at Sommarles blei ein suksess for biblioteket. 431.085 sider har blitt prosessert, 15 bøker per brukar.
– Me på biblioteket ønskjer å retta ei stor takk til alle dei fantastiske leseglade barna i Sveio kommune. 1. juni 2021 er me tilbake med Sommarles, med Astrid og Asbjørn på nye oppdrag, seier ho.