kultur

Lada opp til juleutstilling på Rivieraen

Fredag er det vernissasje på Billy Roy Økland si juleutstilling. I år er utstillinga på klubbhuset til Sveio Golfpark.

Publisert Sist oppdatert

Juleutstillinga viser tradisjonen tru breidda av dei ulike temaa som Økland jobbar med. Figur, portrett, landskap og stilleben. Arbeida blir utført i både olje, kol og grafiske trykkteknikkar.

Bevegelse og balanse

– Eg har i lengre tid jobba med figur i bevegelse, balanse og tyngdepunkt. Kva signal sender me ut ved ulik kroppshaldning osv.. Bilda blir då til ved hjelp av modell, og litt foto. På mange av mine maleri har eg fått moglegheit til å jobba saman med ein dyktig ballettdansar, noko som er avgjerande for å framstilla god anatomi, seier Økland.

For vel 2 veker sidan var han på si andre studiereise til Eze på den franske Rivieraen.

I Munch sine fotspor

– Dette var ei spennande reise kor jeg saman med min kollega Thomas Klevjer oppsøkte stader i Eze der Edvard Munch var for over 100 år sidan. Me gjekk i Munch sine fotspor blant anna på strendene ved halvøya St.-Jean-Capp-Ferratt, og gjorde våre observasjonar om lag 100 år etter at Munch og Skredsvig malte sine verk, fortel Økland

Nokre av desse bildene og heilt ferske studiane frå Rivieraen er med på juleutstillinga, som held ope til og med søndag denne veka.

Økland hadde også utstilling i sommar i Skudeneshavn:

Powered by Labrador CMS