kultur
Kunstnar frå Bergen på Ryvarden i sommar
Lars Tveit er årets sommarutstillar på Galleri Ryvarden. Kulturfyrvaktar Ruth G. Ø. Eriksen kan ønska kunstnaren og husa hans velkomen for fjerde gong.
Utstillinga blir opnar søndag 7. juli og står til og med 25. august. Galleriet er ope kvar dag gjennom sommaren bortsett frå måndagar.
Tveit er opprinneleg saudabu, men har vore busett i Bergen sidan 1975. Sidan 2002 har han budd i Fana, der han også har atelier og eige galleri.
Eksperimenterer med fargar
Kunstnaren er utdanna sivilingeniør fra NTH, bygningsavdelinga, og har hatt fleire jobbar innan dette faget sidan 1975. Sidan 90-tallet har han hatt regelmessig rettleiing i måling av kunstpedagogen Magnar Moen. I perioden 1993-96 hadde han også rettleiing av William Nicolaysen, og sidan 2014 har han vore kunstmålar på heiltid.
– Eg eksperimenterer mykje med ulike fargar, set dei mot kvarandre og ser korleis ulike kombinasjonar virkar saman eller kvar for seg. Eg brukar gjerne ulike fargar på samme motiv for å sjå korleis dette fungerer. Fargane blir også brukt aktivt for å gi bildene mine den rette stemninga, glød eller energi. Det varierer litt over tid kva eg er mest opptatt av, seier Tveit.
Opptatt av formen på husa
Han målar, i deler av billedflaten, veldig pastost (tjukke lag med måling), og brukar mykje målarkniv til å påføra målinga.
– Denne varierte flatebehandlinga synest eg gjer at oljemalinga sine kvalitetar og eigenskapar gir bildene ei spennende kjensle av å vera ekte som er viktig for meg. I alle bildene mine prøver eg å forenkla. Eg fjernar då detaljar eg mener ikke er viktige for å få fram det eg er opptatt av, nemleg formene på husa, seier Tveit.
På Ryvarden for fjerde gong
Det er ikkje første gong kunstnaren stiller ut på Galleri Ryvarden, og han hadde utstillingar både i 2003, 2008 og 2015.
Han har også hatt og deltatt i utstillingar i inn-og utland, og er representert i ein heil del galleri. Mellom anna Shanghai Painting Intitute, Moster Amfi, Tysvær kunstlag, Dahl Galleri og Rammeverksted, Haugesund, Galleri Oseana, Os, Galleri Art-Ecke, Solingen, Tyskland, Galleri Blink, Solund, Casa Cultura, Alfas del Pi, Spania, Vestlandsgalleriet Koll, Stavanger, Hotell Walaker, Solvorn og Galleri Wendelboe, Bergen.
Tveit er også representert med fem målerier i ein av landets største private kunstsamlingar, Mowinckels kunstsamling, i Bergen.