kultur
Fartein Valen Minneår 2022:
Ketil Bjørnstad til årets Fartein Valen-festival
Fartein Valen-stiftelsen vil markera 2022 som eit minneår for komponisten. Årets festival blir arrangert 27. april – 1. mai.
Det blir for tida arbeida med justeringar i forhold til smittesituasjonen, målet er å gjennomføra Fartein Valen-festivalen mest mogleg som planlagt, blir det opplyst frå Fartein Valen-stiftelsen.
Nytt verk basert på gamalt dikt
Opningskonserten onsdag 27. april i Festiviteten, med eit bestillingsverk av Ketil Bjørnstad er klar, og billettsalet har starta. Bjørnstad har skrive eit nytt verk basert på diktet «Le Cimetiere Marin» av Paul Valery. Diktet blei også brukt av Fartein Valen då han skreiv sin mest kjente komposisjon med same navn. Konsertproduksjonen blir framført onsdag 27. april.
Valéry blei fødd i Séte i Frankrike, byen ligg ved Middelhavskysten. Séte har ein kolerakyrkjegard som ligg på eit høgdedrag over byen. Valéry skreiv ferdig diktet i 1922, og det har blitt oversett til mange språk. Diktet beskriv menneskelivet på ein vakker og poetisk måte.
Under festivalen blir det markert at det er 100 år sidan diktet blei gitt ut. Det er eit viktig dikt som framleis er aktuelt. Den norske skodespelaren Pelle Christensen skreiv i 1972 ein norsk gjendikting som blir stilt til disposisjon for Ketil Bjørnstad.
Møtestad
Festivalen har som mål å skapa ein møtested mellom ulike kunstneriske uttrykk frå ulike tider som handlar om korleis det er å vera menneske. Dette fører oss bak notane i musikken og den djupare forståinga for meininga bak orda i diktet.