kultur

Ordførane i kommunane ambassadørane kjem frå, er med på mottakinga og held talar til mottakarane. Her André Mundal Haukås saman med dei nyslåtte ambassadørane Sten Magne (t.v.) og André Birkeland. Foto: Visit:Haugesund
Ordførane i kommunane ambassadørane kjem frå, er med på mottakinga og held talar til mottakarane. Her André Mundal Haukås saman med dei nyslåtte ambassadørane Sten Magne (t.v.) og André Birkeland.

Heidra som gode ambassadørar for Haugalandet

Bystyresalen i Haugesund rådhus var igjen fylt med applaus, gode historiar og stort engasjement då arrangørar i regionen blei heidra under Ambassadørseremonien 26. november.

Publisert Sist oppdatert

Desse fekk utmerkingar

Eit breitt spekter av nye arrangement blei heidra, frå NM i saueklipping og ullhåndtering på Bokn, NM i puslespill på Karmøy og Verneombudskonferansen i Haugesund, til Sveiofestivalen og nasjonal samling i rytmisk gymnastikk i Tysvær.

  • Sveiofestivalen 2025
  • NM i saueklipping og ullhåndtering 2025
  • NM i K-1 for senior og junior og UM i lagbåt 2025
  • NM i Crosskart 2025
  • NM i Benkpress 2025
  • Somatomforum 2025
  • Verneombudskonferansen 2025
  • Norgescup LedKlatring 2025
  • Landsmøte og veteranbusstreff 2025
  • Onwards 2025
  • Nasjonal RG-samling og landslagssamling 2025
  • MaritimeWorld 2025
  • Landstreff – Corvette Club Norway 2025
  • NM i Hjelpekorps 2025
  • Nasjonal rankingturnering i badminton (U15/U19) 2025
  • NorgesCup i Rugby 2025
  • VikingEvent Geocaching 2025
  • NM i Puslespill 2025

Visit:Haugesund står bak markeringa, som løftar fram kor viktig arrangement er for regional vekst og attraktivitet. Totalt 20 arrangement og 30 eldsjeler mottok ambassadørutmerkingar for sin innsats med å skapa aktivitet, synlegheit og utvikling på Haugalandet.

– Arrangement er ein del av identiteten vår og viktige for vidare vekst og bulyst i regionen, sa Nils Konrad Bua, ordførar i Haugesund, då han ønskte velkomen til seremonien.

Sveioambassadørar

To av eldsjelene er frå Sveio, Sten Magne og André Birkeland. Dei fekk ambassadørutmerkinga for nykommaren Sveiofestivalen.

– 14. juni i år opplevde eg noko av det kjekkaste eg har fått gjera som ordførar: iført bøttehatt og med bajonettsag opna eg Sveiofestivalen. Eg var ikkje aleine om å kosa meg der, for heile 700 publikummarar møtte opp til den nye festivalen. Musikkfestivalen har fått stor suksess med strålande tilbakemeldingar og er eit veldig positivt kulturtilskot for Sveio. Det er gledeleg å høyra at folk snakkar om festivalen som var, og gler seg stort til neste, sa mellom anna ordførar André Mundal Haukås i sin tale.

Han trekte også fram at Sten Magne og André har brukt mange kveldar og helger på å planlegga, og ikkje minst gjennomføra Haugalandet sin største hagefest.

– Festivalen vart meir enn berre god musikk. Dei valde å satsa på lokale samarbeidspartnarar, og på festvalområdet fekk fleire lokale produsentar av både mat og drikke ei viktig scene å visa seg fram på. Den gode stemninga me såg på Sveiofestivalen – på tvers av generasjonar der alle hadde det kjekt i lag – viser at me treng slike initiativ i kommunane våre, sa ordføraren.

Dei to ambassadørane er allereie i full sving med Sveiofestivalen 2026. Det blir to dagar med kortreiste artistar og same filosofi om enkel, sosial og køfri festivalglede.

Eldsjeler i sentrum

– Bak kvart arrangement står eldsjeler som brukar fritida, engasjementet og hjartet sitt. Det er ei glede å kunna løfta fram nokre av desse menneska i kveld, sa Kine Bjøralt, MICE-ansvarlig i Visit Haugesund.

Prisane blei delt ut av regionen sine ordførarar; Nils Konrad Bua (Haugesund), Egil Magne Våge (Bokn), André Mundal Haukås (Sveio), Monika Lindanger (Tysvær), Ole Johan Vierdal (Vindafjord) og Leiv Arne Marhaug (Karmøy).

Kriteria for å motta utmerking er at arrangementet

  • er nytt eller nyleg har begynt å få tilreisende
  • gir verdiskaping på Haugalandet
  • trekker publikum eller deltakarar utanfrå

To heidersprisar

Heidersprisar er unntatt frå første kriterium, og det vart delt ut to av dei. Martin Doyle blei utnevnt til æresambassadør for sitt mangeårige arbeid med å bringa store arrangement og konferansar til Haugalandet, og for sin innsats for å skapa aktivitet og verdiskaping i regionen.

Heiderspris for arrangement gjekk til Sildajazz, og styreleder Unni Hilt som ble hylla for ein imponerande publikumsrettet snuoperasjon i 2025, som samlet 35.500 publikumarar til 62 konsertar og arrangement, der var 26 rettet mot barn og unge. Over 200 frivillige bidrog til å løfta festivalen til nye høgder.

Kine Bjøralt avslutta med ei oppfordring:

–  Arrangement set Haugalandet på kartet og inviterer resten av landet, og i nokre tilfelle verda, til å oppleva kva me har å by på. Når nokon reiser heim med ei god oppleving, blir terskelen for å koma tilbake eller flytta hit litt lavare. Me vet at det er fleire gode idear der ute, og me står klare med kostnadsfri bistand og rådgiving til arrangører som vil henta heim nye arrangement

Powered by Labrador CMS