kultur
Har gjenskapt Harry Potter si verd
Sveio folkebibliotek har fått ein ny attraksjon, rett nok berre på lån: Eit skap fylt av Harry Potter sitt univers ned til minste detalj.
Heile kreasjonen er laga av Kristian Haaland, til dagleg LCE-koordinator for Equinor på Kårstø og elles medlem av kommunestyret i Sveio for Arbeidarpartiet.
Opplevingsskap
– Det heile starta med at me var på Bømlo og såg eit opplevingsskap som dei hadde på biblioteket der. Me hadde lyst å gjera noko liknande og kjøpte inn eit skap, men fekk det liksom ikkje skikkeg til, fortel biblioteksjef Kristine Thorkildsen.
Dette var bakgrunnen for at ho kontakta Haaland, som ho kjende frå Instagram og dessutan frå ein spelekveld Haaland hadde hatt ansvar for på biblioteket.
– Eg kom innom og såg med ein gong korleis eg ville gjort om skapet var mitt, fortel Haaland.
500 arbeidstimar
Det enda med at han fekk skapet og frie hender til å utforma utstillinga som han ville, men med avtale om at bibliotektet skulle få låna det ferdige produktet. Etter mellom 400 og 500 arbeidstimar kom skapet på plass i påskehelga. Det er stilt opp saman med ei samling av J. K. Rowling sine bøker om Harry Potter. Og biblioteket har allereie fått massevis av respons, mellom anna i samband med ei nettverkssamling for bibliotekfolk frå heile Sunnhordland.
Haaland fortel at han har laga alle figurane med 3D-printer heime. Dekorasjonane elles er laga av isopor. Og så er det lagt inn straum frå batteri som får det til å lysa i vindaugo og bobla i kolbane med mystiske ingrediensar på toppen av skapet.
– Eg har ikkje andre planar med skapet enn at bibliotektet kan få låna det så lenge dei ønskjer. Og så synest nok minstemann på fem år her heime at det ikkje treng gå altfor lang tid før me får det heim igjen, seier Haaland.
Harry Potter-fan
Han har stor glede av å kobla av frå skrivebordsarbeid med hobbyarbeid som dette. Det har han også fortalt om i intervju med Vestavind tidlegare.
Dessutan stadfestar han at han er ein ihuga beundrar av Harry Potter.
– Eg har jo vakse opp med desse bøkene og filmane og har barn som etter kvart har fatta interesse for det same. Så eg har nok vore gjennom desse historiene nokre gonger, fortel han.
Biblioteksjefen gler seg, på si side, over endå eit objekt som er med på å gjera biblioteket til ein stad der ein ikkje berre kan låna bøker, men også oppleva ting. Om skapet som kom på plass i påskehelga også vil resultera i auka utlån av til dømes Harry Potter-bøker, er ho ikkje så sikker på.