kultur

musikkprisen 2021
Fleire NRK-stasjonar har Glenn Rand (29) med artistnamnet Glennen, på spelelista si. No er sveibuen nominert til Musikkprisen 2021.

Glennen kjempar om finaleplass

Årets konkurranse om Musikkprisen 2021 er i gong, og artistane er avhengige av publikumsstemmer.

Publisert Sist oppdatert

Ein av dei som er nominert er Glenn Rand frå Sveio. Han har alt kome gjennom første nålauga; av 60 artistar/band er han ofte innom topp 10 blant dei mest populære siste timen/timane. Måndag 22. mars blir tre finalistar kåra, 7. april blir vinnaren utropa.

– Eg er avhengig av publikumsstemmer skal eg koma vidare. Å vinna ville bety enormt mykje for meg, ja, det ville rett og slett vore magisk, seier Glenn Rand. Han håpar altså på litt drahjelp frå folk som har lyst å stemma på låten hans «Mine auge lukka».

Stolt over låta

– Kvifor bør akkurat din låt vinna?

– Melodien er ganske fin, eg er stolt over låta. Teksten er litt sår og nærast ein kjærleikssong, – noko folk kan kjenna seg igjen i, det har eg også fått mange tilbakemeldingar på, seier visesongaren. Han kjem opphavleg frå Hornindal i Nordfjord, skriv og syng på nynorsk og brukar dialekten sin bevisst.

– Det er det som har gjort at eg som artist har fått bygd opp eit namn her på Haugalandet, fortel Rand. Artistar som har inspirert han er Hellbillies og Tom Roger Aadland.

Jobbar målretta

Glenn Rand er nordsjøarbeidar. Når han er heime er det dei tre borna hans og musikken som har høgast prioritet. På konsertfronten har det vore stille heilt sidan korona-pandemien inntraff, men han gir ikkje opp.

– Eg har bestemt meg for å vera produktiv på heimebane og venta det skal opna igjen og smella til! seier den sympatiske visesongaren.

Musikkprisen

Musikkprisen er ein sjangeruavhengig musikkonkurranse der band og artistar i alle aldrar kan delta. For å vera med må ein stilla med ein låt som ein sjølv har rettigheitane til, samt delta med eigenkomponert materiale. Konkurransen er eit samarbeid mellom Ocean Sound Recordings, Momentium, Sparebanken Møre, Amfi Moa og Sunnmørsposten. Tre band/artistar går til finalen. Når vinnaren blir kåra tel publikumsstemmene og jurystemmene like mykje.

Powered by Labrador CMS