kultur
Fylte verkstadhallen med musikk
Artisten Paul Hansen tok publikum med storm og fekk dei med seg på både allsang og klapping under konserten i Auklandshamn fredag kveld, fortel arrangøren Inga Norunn Jacobsen.
Mellom 60 og 70 tilhøyrarar fylte konsertlokalet, som var ein verkstadhall etter nedlagte Øklandsnes Slip og Motorverksted. Jacobsen er etterkomar etter dei som dreiv slippen, og kjøpte i si tid ein seksjon av verkstadbygget etter at drifta var avvikla. Ho har også tidlegare arrangert konsert og ulike temasamlinger i bygget. Paul Hansen har også vore her før. I november i fjor, nærare bestemt.
Andre gong
– Det var min første solokonsert. Dette er min andre, sa Hansen til Vestavind før fredagens konsert.
Han er elles kjent som tidlegare vokalist i Vamp og også frå Blest og Cortina. Repertoaret hans i Auklandshamn inneheldt både kjende Vamp-, Blest, og Cortina-låtar og eigne tekstar. Han trakterte ulike instrument og gav fleire ekstranummer til dei begeistra tilhøyrarane.
– Det var også stor breidde i innhaldet, frå djupe tekstar til ettertanke og til meir trivielle tema, seier Jacobsen.
Ho fortel også at Knut Ragnar Eide gjorde opptak av heile konserten i Auklandshamn. Meininga er å laga ein musikkvideo frå arrangementet som publikummet og andre kan få kjøpa i ettertid.
Fleire konsertar?
Ho ser ikkje bort frå at det kan bli fleire konsertarrangement i verkstadlokalet. Hansen sa under konserten fredag at han gjerne vil koma tilbake, og andre kjente artistar og grupper har også sagt seg interesserte, fortel Jacobsen. Kven det er snakk om, vil ho ikkje ut med enno.
Publikum som fylte verkstadhallen fredag, kom frå ulike delar av Sveio og andre delar av Haugalandet som Haugesund, Karmøy og Tysvær. Jacobsen synest det var godt gjort å samla så mange midt i ferien då mange bygdefolk er ute og reiser.
Overskot til butikken
På førehand fortalde Jacobsen at eit eventuelt overskot av konserte skulle gå til arbeidet med å skaffa Auklandshamn ny nærbutikk. Etter konserten opplyser ho at sjølve konserten gav eit overskot på 1.450 kroner. I tillegg reknar ho med at sal av musikkvideoen i alle fall skal gi eit overskot på 6.500 kroner. Då føreset ho at flesteparten av dei som var til stades, kjøper videoen. Overskotet av videosalet skal også gå til butikken.