kultur

– Eg har aldri følt at eg burde vere «normal»

– Utanforskap, det å kjenne seg stilt utanfor ein fellesskap, er nok noko mange musikarar, og andre kunstnarar, kjenner på, seier Tom Roger Aadland.

Publisert Sist oppdatert

– Eg trur at den kjensla ofte kan vere blanda, seier Tom Roger Aadland om det å kjenne utanforskap:

– For min eigen del, har eg aldri følt at eg burde vere «normal», og har heller ikkje sakna det. I småbygda der eg vaks opp, var det plass til rolla mi: Eg var flink til å teikne og syngje, og det trur eg lokalsamfunnet syntest var ein stimulans. Men det er jo sikkert mange som har hatt veldig såre opplevingar omkring det å kjenne seg annleis.

Samtidig trur han, utan å glorifisere det, at utanforskap kan vere ei stor drivkraft for å skrive gode låtar.

– Men då treng ein empati, og for å ha empati, treng ein fantasi. Alf Prøysen og John Prine er to låtskrivarar eg set høgt, og begge har denne flotte evna til å setje seg i staden til andre, og formidle den innsikta gjennom kunsten sin, lyder det frå Aadland – sjølv ein anerkjend songlyrikkforfattar og også tolkar av Dylan til norsk.

Ein farande fant

På det nye albumet sitt «Skyer» har han med ein song kalla «Normalia», der han tek for seg framandfrykt og konformitet – og er innom bakgrunnen til sine eigne foreldre.

– Far min flykta til Sverige under krigen, og mor mi var ung, einsleg og skilt mor på 1950-talet. For meg handlar det om at det er ikkje så langt ned til sårbarheit og utanforskap, viss ein skrapar litt i lakken. Det gir jo ein viss peikepinn på tematikken på albumet at eg «namedroppar» Alf Prøysen, Kim Friele, Stein Torleif Bjella og OnklP i tekstane. Utanforskap kan ein seie er ein fellesfaktor.

Som nær sagt vanleg legg Tom Roger Aadland ut på ein stor og lang turné i kjølvatnet av «Skyer»-sleppet, der han legg av garde til eit 30-tals byar og stader. Det gjer han seg nokre tankar om.

– Når du er turnerande musikar, er du jo ein farande fant, same kor fint hotellrom du har. På konserten om kvelden syng du om einsemd og kjærleik og viss du er heldig, rører du publikum. Neste morgon reiser du vidare. Det er noko flyktig i det, likevel er det ekte. Det er ein avstand mellom artist og publikum, og det er greitt.

Kontrastprega

Tom Roger Aadland kom med debutplata tilbake i 2007, spelt inn i Irland under tittelen «Obviously Embraced». Sidan har det vanka to Dylan-gjendiktingar til norsk, «Blod på spora» (2009) og «Blondt i blondt» (2016), og dessutan soloskiver som «Det du aldri sa» (2011), «Fløyel og stål» (2012), «Rapport fra et grensehotell» (2015), «Songfugl» (2018) og «Motgift» (2021).

Tom Roger Aadland er klar med sitt hittil mest tilgjengelege album, kalla «Skyer».

Han har også skrive songlyrikk til Hellbillies («20 år på vegen»), Vamp og Marion Ravn. Og dessutan gjort fleire Dylan-gjendiktingar til Det Norske Teatrets oppsetning «Vikla inn i blått». På spørsmål om kva «Skyer»-songar handlar om, lyder svaret:

– Éin ting som eg sjølv kjenner pregar albumet, er at kontrasten mellom den personlege inspirasjonen og det samfunnsorienterte har vorte meir markant. I den personlege enden har ein låtar som kjærleikssongen «Du e den» og avslutningssporet «Siste natta vår i lag», som det er mykje sjølvbiografisk i. «Cecilie» er også skrive om ein eg kjende, seier han om songen skildra som ei trøystevise for ei ung kvinne som gjekk bort altfor tidleg.

– På den andre sida har du låtar som «Kan ikkje gi oss», som vel er det mest utettervende og samfunnsorienterte eg har skrive.

Frå nynorsk til dialekt

Nytt er det at dei fleste låtane er skrivne på hans eigen dialekt frå Sørvestlandet, og ikkje nynorsk som på tidlegare utgivingar. Han er fødd i Vikebygd.

– For folk rundt omkring i landet er kanskje ikkje forskjellen mellom nynorsk og dialekten min så stor, men for meg som tekstforfattar gjer det ein stor forskjell.

Tom Roger Aadland seier han innsåg at dei nynorske «kjeldene» hans for ein stor del er litterære – som dikt, romanar og skodespel, medan «kjeldene» til det han tenkjer og skriv på dialekt er mykje meir variert.

– Eg «forstår» mindre av tekstane mine sjølv, denne gongen. Mange av linjene har berre komme, og eg har likt dei, utan alltid å forstå.

Slutta ringen

«Skyer» er produsert av Aadland sjølv i samarbeid med Kjetil Steensnæs, strengjemeisteren kjent frå ei rekkje samspel, mellom anna Darling West.

På musikarsida har dei med seg endå fleire sterke krefter, som Karl Oluf Wennerberg Erland Dahlen på trommer, perkusjon, Bjørn Holm på bass, og kor, tangentvirtuosen David Wallumrød og Lise Sørensen Voldsdal på fiolin og bratsj. Han gjer også duetten «September» med Kine Nesheim.

– Av og til er det fint når ringen er slutta. Eg var gitarlæraren til Kjetil i fire år då han var tenåring. Sidan såg vi ikkje kvarandre på mange år, men no har han spelt gitar på alle platene mine sidan 2011. Vi skal også gjere mange konsertar saman i haust, duo og med band.

Powered by Labrador CMS