Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
– Det finst kanskje ein Fosse-angst der ute
Det vart stort oppmøte då Agnes Ravatn og Sophie Elise diskuterte Jon Fosse. Arrangementet trekte til seg både unge og gamle.
Ein skulle kanskje tru at ein lesesirkel for å diskutera Jon Fosse sin roman «Morgon og kveld» stort sett trekte til seg dei gråhåra og hårlause. Slik gjekk det derimot ikkje då dei to forfattarane Agnes Ravatn og Sophie Elise hadde open lesesirkel på Det Norske Teatret fredag kveld.
– Eg las «Morgon og kveld» til i dag, og han var så bra at eg nesten ikkje vil lesa meir Fosse, fortel tilskodar Liv Mari Lia.
Kjende ikkje til Fosse frå før
Den internasjonale Fossefestivalen (DIFF) går mot slutten og over ei veke med diskusjon, lesing og framsyning av nobelforfattaren er snart til ende. På nest siste dag arrangerte Samlaget og Det Norske Teatret ein lesesirkel med ingen andre enn Agnes Ravatn og Sophie Elise for å diskutera det som nok er ein av Fosse sine mest kjende romanar, nemleg «Morgon og kveld.»
Boka inneheld to delar, morgon og kveld, og fortel om livet til fiskaren Johannes. Det som i utgangspunktet er eit lite oppsiktsvekkjande liv vert dreiepunktet for ei filosofering over livet og døden, og kva eit liv kan innehalda.
I samtalen, leidd av Astrid Dypvik, innrømde Sophie Elise at ho eigentleg ikkje hadde noko forhold til Fosse før denne kvelden.
– Eg visste ikkje noko om han, og hadde ikkje lese noko av han frå før. Eg valde «Morgon og kveld» litt på måfå, og las han til i dag.
Bloggaren og forretningskvinna har vore mykje i vinden i det siste på grunn av sitt engasjement for lesing og for nynorsk, men seier ho helst les litt meir røyndomsnær litteratur. På spørsmål frå Dypvik om ho trur det kan verka avskrekkande på folk når ein forfattar vinn nobelprisen, er Sophie Elise ikkje i tvil.
– Ja, absolutt. Eg trur det fort kan følast tungt og vanskeleg. Eg fremjar helst lett tilgjengelege bøker på eit munnleg språk. Men eg likte denne, la ho til.
Trekkplaster
At kjendisen er glad i å lesa, er det mange som har fått med seg, og det kan verka som at ho trekte mange frå dei yngre generasjonane til arrangementet.
– Eg har jo vore fan av Sophie Elise sidan eg var lita, så dette var veldig artig.
Det seier Vilde Alstad, som er der med venninna Liv Mari Lia.
– Eg tykkjer også at Fosse har vorte meir aktuell etter at han vann nobelprisen, og dette er ei av favorittbøkene mine frå han.
Lia på si side var meir oppteken av den andre forfattaren på scenen.
– Eg er veldig glad i Agnes Ravatn. Dei var ein artig duo, og dette stod definitivt til forventningane.
Fin samtale
Det kan også Ravatn vera samd i.
– Eg tykkjer det var ein kjempefin samtale, rett og slett. Eg trur me har lese boka ganske likt, seier ho i etterkant.
Ravatn har sjølv lese mykje av Jon Fosse, som ho møtte allereie då ho gjekk på Skrivekunstakademiet. «Morgon og kveld» meiner ho er ein fin inngang til forfattarskapen hans.
– Boka er veldig takknemleg. Det finst kanskje ein Fosse-angst der ute. Eg kjenner på det sjølv og, at så snart nokon har vunne nobelprisen tenkjer ein at dette må vera vanskeleg og ikkje minst ganske kjedeleg. Det stemmer ikkje for Fosse.
Ravatn meiner Fosse absolutt er ein av dei meir tilgjengelege forfattarane. Det er enkelt og nedpå, utan vanskelege ord, men samstundes djupt og rikt, seier ho.
Få med dei unge
– Sophie Elise oppsummerte denne boka med at sjølv eit liv er stort. Kjenner du deg att i det?
– Det er eg heilt samd i. Eg tykkjer sjølv at det er kjernen i romanen. Det er ein fin gest frå ein så stor forfattar å visa fram livet til denne forsiktige vestlandsfiskaren, og visa kor fint og rikt det kan vera.
– Heilt til sist her. I salen såg me eit veldig stort aldersspenn, med mange unge menneske. Korleis tenkjer du ein bør få dei yngre inn i litteraturen?
– Sophie Elise gjer jo ein fantastisk jobb der, i å dra inn eit segment som forlag slit med å nå. Mange av dei har heller ikkje konsentrasjon til å lesa ei bok. Eg trur mange av dei har lyst til å lesa, men ikkje veit heilt kor dei skal byrja. Då kan ho fungerer som ein vegvisar med sine konkrete tips.
Ravatn tenkjer seg litt om før ho konkluderer.
– Det skal vera kjekt å lesa, det tykkjer jo eg og. Det skal ikkje vera eit ork.