Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
Cowboyhattar, bubilar og godstemning
Fredagskvelden vart ein god start på countryhelga på Førde sambrukshus. Her samla både lokale og tilreisande seg til to dagar med musikk, dans og god bygdefeststemning.
Alt tidleg fredag kveld, då Vestavind var på besøk, var stemninga på topp, og arrangementet blei rosa høgt.
Storinnrykk av bubilar
Heile området kring Sambrukshuset var fullt av bubilar og countryentusiastar frå fleire delar av Vestlandet, mellom anna Bergen, Sotra og Jæren. Medlemmane frå Norsk Bobil- og Caravan Club avd. Haugaland og Sunnhordaland stod for parkeringa, og dei kunne fortelje at det var totalt 44 bubilar på plass.
Mange hadde rigga seg til med telt og campingstolar, og før musikken drog i gong var det god stemning rundt bubilane. Antrekket for kvelden var i tråd med musikkstilen; cowboyhattar, boots, dongeri og skjorter. Nokre tok det eit steg vidare: Miland Borge stilte til og med opp i full kukostyme, sjølvsagt i countryversjonen med cowboyhatt.
Begeistring
Kate Gjerde frå Fana hadde kome tidleg til Førde fredag, og ho uttrykte stor begeistring over å ha oppdaga Gjenbruksløa saman med fleire i reisefølget.
– Det var så mykje fint der. Eg fann ein heilt utruleg flott hagefigur der, norsk design. Men den var så tung at eg kunne ikkje få den med meg opp til campingen. Så ein av dei som jobba der køyrde oss opp med figuren. Han vart heilt overvelda over at det var eit så stort arrangement her i Førde, fortel Gjerde.
Countryglede
Arrangementet, som trekte til seg mange tilreisande og der fleire hadde vore tidleg ute med å sikra seg plass, var det Førde Event med Trond Halleraker i spissen som stod bak.
– Dette er tredje året me arrangerte. Målet er å skapa ei god bygdefeststemning, noko anna enn det du får når du går ut på byen. Det må opplevast her i Førde, sa Halleraker.
Han og sonen Eirik legg ikkje skjul på at countrymusikk også er ein personleg favoritt, sjølv om artitstane på scena baud på musikk i fleire retningar.
– Ikkje minst er det kjekt å skapa liv og stemning i bygda, la Eirik til.
Dansegolvet fylt frå første låt
Bandet Rabalder, med Øyvind Eikre, Harald Undheim og Trym Undheim, opna kvelden. Dei spelte ei blanding av country, danseband og gamle hits. Sjølve kalla dei det «vestlandsmusikk». Og vestlandsmusikken slo til: alt frå første låt var publikum med, og cowboyhattar og boots fylte dansegolvet.