kultur

Countryhelg i Førde

Allereie torsdagen byrja campingbilar og -vogner å trilla opp på grusplassen ved Førde samfunnshus. Fredag vart det tidleg utseld for campingplassar. Hattane var banka fri for støv. Cowboybootsa var pussa. Det var klargjort for dans.

Publisert Sist oppdatert

Med ein kapasitet på 40 campingplassar, tilreisande frå sørfylket til Bergen, pluss bygdefolk til fots, arrangerte Førde Event countryhelg fredag og laurdag. I strålande septembervær vart det ei suksesshelg for alle involverte.

Fredag ettermiddag opna dører og tappekraner for gjestene. Først ut på scena var Splint. Det er nemleg ikkje berre ein viktig del på ei handgranat, det er også eit countryband. Dei spela opp til dans for om lag 150 country- og danseglade entusiastar.

– Eit miljø med godt samhald

Til å organisera campinga var det eit tett samarbeid med Norsk Bobil og Caravanklubb avdeling Haugaland og Sunnhordland. Deira ansvar var å ta imot gjestene og overhalda sikkerheit og reglement. Leiar i klubben, Frode Nærum, kunne laurdag fortelja at det heile hadde gått fint føre seg.

– Alle oppfører seg veldig eksemplarisk, så det er ein enkel jobb. Dette er eit miljø med godt samhald, og alle tek vare på kvarandre. Men dei betaler for plass, og då er det vårt ansvar at dei føler seg godt tatt imot og får det dei treng. Me er og påpasselege at alle overheld firemetersregelen og at det er branngater etter forskriftene, seier han.

I løpet av helga var brannvesenet innom på inspeksjon.

– Det gjekk prikkfritt på alle punkter, så me er strålande nøgd med opplegget og håpar på gjentaking av arrangementet til neste år.

Middag og linedanskurs

Laurdag vart det servert middag i storsalen til ca. 40 svoltne cowboyar. Det vart også arrangert linedanskurs, der 35 stykk var påmelde.

– Me tenkte at me måtte ha minst eit aktivitetstilbod på dagtid. Så det var gøy at folk stilte. Dette er ein lavterskeldans som det er enkelt å få folk med på, seier festivalsjef Trond Halleraker.

Mellom campingbilar og branngater sat smil og gjestfridom tett som hagl gjennom heile laurdagen. Då septembersola hadde svidd frå seg var det duka for nye konsertar. Først ut var trubadur Jan Inge Kvilhaugsvik. Han varma opp publikum før kveldens hovudattraksjon, Hilljack, tok over showet. Under konserten var det god stemning og sjeldan ein kvadratmeter ledig på dansegolvet.

Nøgd festivalsjef

Då helga rann ut i minner kunne ein særs nøgd festivalsjef Halleraker oppsumera arrangementet.

– Det gjekk knirkefritt. Utruleg kjekt. Hilljack som spela til slutt var veldig nøgde og skrytte over publikum for at dei dansa både sving og linedans utover kvelden. Dessutan var det ikkje bråk i løpet av heile helga, og skjenkekontrollen var innom og stadfesta at me hadde alt på stell.

Alt i alt var det 230 gjester innom todagarsfesten. Den hadde ikkje vore mogleg å gjennomføra utan eit godt mannskap. Blant anna 20 personar frå Sveio idrettslag.

– Gjorde ein kjempejobb

– Både vakter, dei i baren og dei som rydda stod på som berre det og gjorde ein kjempejobb. Dei forstod kor viktig det er å møta folk med eit smil og godt humør og laga god stemning. Ein såg at det smitta over på publikum. Ikkje berre heldt dei orden, dei var også igangsetjarar for å fylla dansegolvet, seier Halleraker.

Han optimistisk til at det blir ei tilstelling neste år.

– Me er nesten einige om at det blir countryhelg same helg neste år også, og satsar på ein aldri så liten tradisjon.

Powered by Labrador CMS