kultur
Brenn for å arbeida med ungdomar
Flemming Lothe (36) fekk i januar offisielt stillinga som ungdomskoordinator i Sveio, ei stilling som medfører mykje ansvar for både vaksne og born.
Flemming Lothe har alltid vore flink med menneske, men det var ikkje før han var ferdig på ei reise i 2004, og kom til arbeid i sivilteneste, at han byrja med ungdomsarbeid Dette skjedde på ein ungdomsskule i Åsane kor sveibuen jobba med valds- og konfliktførebyggande arbeid blant born og unge.
– Kva var det som gjorde at det var dette du ville jobba med?
– Det er vel eigentleg berre slik det blei. Det starta med at eg jobba på skulen, og hadde dette som ein «ekstrajobb», og såg vel eigentleg ganske kjapt at det var behov for meg her på Vigdartun. Det enda med at rolla mi her auka meir og meir, og eg fann ut at det gjekk ikkje å vera på to stader, det tek rett og slett for mykje tid. Eg bestemte meg vidare for at ungdommar på fritida er det eg vil jobba med, fortel Flemming Lothe.
Kjenner på ansvaret
36-åringen har orientert seg om kva andre kommunar som har ungdomskoordinator gjer, og måten dei jobbar på. Han veit Radøy kommune, som no er ein del av Alver kommune, har hatt stor suksess med ungdomskoordinator og har fleire gonger vunne pris for jobben.
– Eg ser verkeleg opp til jobben dei gjer. Dei er eit godt og viktig førebilete for meg og mange andre, seier Lothe og legg til:
– Jobben min innber mykje meir enn å sitja bak ein pc-skjerm. Det å vera ungdomskoordinator handlar ikkje berre om å sitja i ei bod og svara på meldingar, men også om å ta vare på ungdommar, foreldre og bygg. Eg har ansvar for alt på dette bygget, utanom skule og bibliotek. All reservering av ting kjem gjennom meg. Cuper, House of fun, Kids house, nattcuper, LAN, kulturhus-arrangement, drill, og alt anna. Det er også mange telefonar, både frå ungdommar og foreldre.
Når det kjem til arbeidstidene er dei litt utanom dei vanlege. Lothe sine arbeidstider er til vanleg mandag til torsdag frå klokka 14.30-21.30, der han oppheld seg på Vigdartun. Utanom dette samarbeider han med Ungdomsrådet, og han er til stades på ulike arrangement, som til dømes House of fun. Han trivst med alt.
Skal han trekkja fram eit utfordring er det det at folk ikkje respekterer arbeidstidene hans, telefonar klokka sju om morgonen er nemleg ikkje uvanleg.
– Eg er takksam for alle som ringjer og kjem for å snakka, men ønskjer at folk skal ta omsyn, og heller ringja meg i arbeidstida. Det hender også av og til at ting på bygget blir øydelagt, og då er folk veldig kjappe med å kommentera desse feila, fortel ungdomsarbeidaren. Han ønskjer at ungdomane skal jobba med han, slik at dei saman kan halde på bygget, og visa at dei får det til.
Felles oppgåve
Ved å vera ungdomskoordinator har du eit stort ansvar, og du kan ikkje gjere det aleina.
– Eg ønskjer å få fleire ungdommar med på arbeidet eg gjer, slik at me kan laga eit godt og trygt fellesskap.
Lothe har fleire ting han ønskjer å gjera for å få ungdommane med på arbeidet, og ein av tinga er ungdomsvaktar rundt på bygget. Han veit at det er fleire unge som liker å «hengja» på Vigdartun, og veit om fleire som ville gjort ein super jobb. Ved dette vil han dela ungdommar på ulike delar av bygget, til ulike tider og dagar. Dei vil også bruke ei T-skjorte som representerer jobben dei gjer. Ungdomane vil både få erfaring, og sosialisera seg.
Lothe skyt til slutt inn at han gjerne vil takka både MOT, ungdommane, foreldre, frivillighetssentralen og lærarar, og politikarane som stemde for dette her og alle rundt som gjer dette mogleg.
– Eg er berre ei lita brikka i eit stort samfunn, seier han.
Ungdomsperspektiv
Móey Svavarsdóttir og Johannes Ness Emberland går begge på 10. trinnet og tilbring tida på Vigdartun både før, under og etter trening, og instrumentundervisning.
– Tanken på at me kan koma her og berre slappa av er ein god følelse. Det er no kome lego-rom som er kjekt for dei små, fortel Svavarsdóttir.
– Det at huset er ope, gjer at dei som ikkje har ein fast aktivitet, likevel har ein plass å gå til, legg Emberland til.