kultur

Årets kabaret: Tidsreise til 80- og 90-talet

I årets kabaret «(Nesten) alt var betre før» tek 10. klassingane på Sveio skule deg med til 80- og 90-talet, der ein fekk oppleva den «gammaldagse» moten, musikken, og der Nokia var «heilt rått»!

Publisert Sist oppdatert

Etter fleire dagar med arbeid, førebuingar og generalprøve for 8. og 9. klasse var kabareten klar for premiere med full sal. Publikum smilte godt og latteren sat laust under kabareten, då elevane bydde på seg sjølve med video og sceneshow.

Diskotek i Førde

Når dei tre skuleelevane Stian, Andreas og Stine, spela av Sakarias Bøe, Mikkel Vikse og Mia Hamre, får ei oppgåve om 80- og 90-talet, reiser dei gjennom tid med stilige effektar som røykmaskin. Der møter dei ungdommar i Sveio som skal til å tulleringa lærarane frå telefonkiosken.

Dessverre manglar dei eit kronestykke. Det kostar nemleg to kroner å ringeaut frå telefonkiosken. Tulleringinga blir avbroten når dei må heim for å sjå «Midt i smørøyet» på det nye fargefjernsynet. Reprise var ikkje eit alternativ.

Under tida i 80- og 90-talet følgjer vi også forelskinga som oppstår når Silje, spela av Cathrine Aarsteinsen, blir hovudstups forelska i Kristian, spela av Leonard Enoksen. Diskoteket i Førde er eit utvilsamt eit høgdepunkt, og gutane håpar på å finne «babes», samtidig som det er full dans og moro på dansegolvet.

Lærarkontoret

Ikkje nok med gamle klassikarar som «I Wanna Dance with Somebody» og «I Want It That Way» av boybandet «Back Track Boys», som blir sunge av Ludvig Skeie, Liam Nesse, Liam Stokkenes og Noah Gismarvik, men vi får også eit innblikk på lærarkontoret.

Her blir det diskutert for fullt dei nye unnskyldningane til elevane for å ikkje ha gjort leksa denne veka. Samtidig som sigarettane ikkje kan delast ut eller røykast fort nok, får elevane streng beskjed frå læraren om at «får ein lungekreft, er det fordi ein ikkje har røykt nok»!

Gjennom sceneshow og videosnuttar blir me tekne med inn i skulen på Sveio i «gamle dagar». Her er det viktig å vera presis, berre snakka når ein får lov, og ikkje minst gjera det ein får beskjed om. Elles blir det konsekvensar ein ikkje ville ha utsett seg for i dag.

Frå filmgruppene får vi også presentert musikkvideo og McDonald’s i Sveio. Ein kjem ikkje langt med å klage på burgeren, noko ein raskt forstår då vi høyrer kokken Kevin Isaksen Tollaksen i diskusjon med ein misnøgd kunde, som endar med «Du fåkke pengane tilbake!».

Vellykka kabaret

Skodespel er ikkje det einaste som blei servert under årets kabaret, men også ei rekke dansenummer, song og drill. Sigarettrøyken hadde ei sentral plass i fleire av innslaga. I siste halvdel fekk Jane Fonda med seg publikum på ei treningsøkt i god 80-tallsstil.

Publikum rosa og beundra ungdommane, ikkje berre for arbeidet, men også for innsatsen der dei bydde på seg sjølve. Ungdommane rosar musikklærar Glenn Rand for utviklinga og arbeidet med manus og teaterinstruktør Runa Krokhaug som hadde ei viktig rolle gjennom å trygga dei på scenen.

Powered by Labrador CMS