Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
kultur
Ad Libitum byr på folketoneskattar, gjester og innviing av flygel
Fjorårets store hyllestkonsert til Ole Paus med Anita Skorgan som gjest, var ei oppleving. Men Ad Libitum kviler aldri på laurbæra. Søndag blir det folketoneskattar, musikalske gjester og innviing av konsertflygel i Sveio kyrkje.
Spennvidda til Ad Libitum er stor, og årets store konsert byr på eit knippe av dei vakraste folketonane. Koret tel rundt 35 songarar og vert leia av dirigent Per Bjørn Habbestad.
Koret samarbeider ofte med musikarar og artistar, og søndagens konsert er ikkje noko unntak.
Gjestesamarbeid
Berit Opheim frå Voss er ein av Norges fremste folkemusikarar. Ho har delteke på nærare 50 innspelingar og vore medkomponist på fleire verk. Ho har vore svært aktiv både som soloutøvar og i samarbeide med andre musikarar og grupper. Mellom andre Trio Mediæval, Orleysa, Nils Økland, Oslo Kammerkor, Kringkastingsorkesteret og Sondre Bratland.
Kjell Habbestad er ein anerkjent komponist som også Ad Libitum har samarbeida med tidlegare. Han er frå Bømlo, men busett på Austlandet. Som komponist har han ein omfattande produksjon inklusive opera, musikal, teatermusikk, oratorier, og kammermusikk. Habbestad har også praktisert som organist, og undervist som professor ved Norges musikkhøgskole.
Tredje Habbestad
Ein anna Habbestad – Ingvild – er 1. fiolinist i Kringkastingorkesteret (KORK), og har i år også gitt ut albumet «Blikstilt» med Trond Kjelsås, der ho trakterer nøkkelharpe. Ingvild har også medverka på fleire album og utgjevingar.
Sigbjørn Apeland er frå Sveio, og nytilsett organist i Sveio. Han har ein solid CV med orgel som hovedinstrument. Apeland er medlem av Nils Økland Band og har medverka på ei rekke album og konsertar, mellom andre med Berit Opheim, Heilo, Sigrid Moldestad, Sondre Bratland og Tom Roger Aadland.
Sist, men ikkje minst, Sveio Barnekor. Ein flott gjeng med barn frå heile kommunen. Dei har vore med på mange konsertar og framsyningar gjennom åra. Barnekoret har fostra talentfulle solistar, og spreier energi og glede. Koret blir leia av Tiril Birkelid.
Innviar konsertflygel
Sveio kyrkje fungerer også som kulturhus i kommunen, og blir brukt til konsertar for kor, korps og tilreisande musikarar. Men kyrkja har mangla eit teneleg konsertflygel, eller «grand-piano» som engelskmennene seier.
Med Per Bjørn Habbestad i spissen, er Sør-Norge saumfare for aktuelle, brukte flygel. Dei ligg gjerne på halve prisen av nye. Etter kvart enda ein med eit Petrof-237 i Notodden som vart prøvespelt. Flygelet er frå 2000, nyrestaurert og kosta 520.000 kroner.
Det er søkt støtte frå ulikt hald, men ettersom Sveio gjenbruksbutikk (Gjenbruksløo) garanterte for fullfinansiering, kunne ein kjøpa inn instrumentet i september.
Flygelet har fått akklimatisert seg i kyrkja, blir stemt torsdag og får si offisielle innviing under Ad Libitum-konserten.